Takk til

Marit Ånes

Synnøve si gode venninna har lånt ut hunden sin til oss. Marit Ånes driv profesjonelt med hundekøyring, og saman med kompisen Geir Ivar Vikholt har dei denne sesongen trena opp spannet og fullført løp som Femundsløpet (400 km), Beskadas (220 km) og ikkje minst Polardistance (300 km). Polardistance hadde VM-status og Marit og hundespannet køyrde inn til 2. Plass og sølv. I tillegg er Marit ein eineståande hundetrenar, ho har full kustus på spannet sitt. Difor vil me senda Marit ein stor takk, for at ho lånar ut eit av sine vakre gull, som er så godt trena og dressert!

Marit Ånes

Norsk hundemat

Me er så heldige å få gode rabattar på Provit frysetørka vom, til hunden. Kjøttet er 100% norsk, og dermed er kjøttet garantert å ha låge antibiotikaverdiar og dyrevelferda til slaktedyret er etter norsk standard. Det er dermed ei gleda å ha Norsk hundemat med på laget. Frå naturen si side er hunden tilpassa kjøttrik mat, noko som gjer utslag i at hunden lettare tar opp næring frå kjøttrike diettar. Dette kan ein blant anna sjå ved at hundar som et passe mengder storfekjøtt og vom, har fastare avføring, fordi næringsopptaket er høgare. Hunden me har med oss er ein stor og aktiv hund, og har fått storfevom som ein del av kosthaldet i heile sitt liv. Det var uaktuelt for oss å berre gje han tørrfôr, då han skal prestera og vera klar til aktivitet kvar einaste dag. Og at kjøttet han får er norskprodusert, er eit lite steg for norsk matproduksjon og tryggleik kring antibiotikaresistens. Difor takkar me Norsk hundemat stort, for at Daik kan få det fôret han fortener og treng på ein langtur.

http://www.provit.no

provit

Maren Lindahl

Hundekøyrer og god venninna av Synnøve, har gjedd oss god pris på tørrfôret som hunden skal eta både på turen og gjennom opphaldet på Eidsbugarden. Og det stoppar ikkje der, ho fraktar hundefôret heim til Synnøve på Voss OG sørgjer for at Daik får ein fin overgang til livet på Eidsbugarden. Ho blir med oss inn til Eidsbugarden med eigne hundar og blir nokre dagar til Daik har lagt seg til ro. I tillegg vil Maren beæra oss med sitt selskap på nokre delar av turen, noko me gler oss mykje til. Tusen takk for all hjelpa Maren.

maren lindahl

Sport1 på Voss

Som hundefôret må også vår eigen mat vera lett og næringsrik, og med tanke på at me ikkje er dei beste til å fiska, har det blitt innkjøp av turmat på pose! Dette kunne fort blitt ein dyr seanse, men heldigvis var Sport1 på Voss så generøse at me fekk maten til innkjøpspris og fri frakt. Med deira hjelp blir me gode og mette i magen kvar kveld, tusen takk for hjelpa.

Sporten

Kartbutikken.no

Turen treng massevis av kart, men kostnaden vart heldigvis ikkje så stor, med hjelp av rabattar frå kartbutikken. Om du planlegg langtur, og lurar på kva kart du treng, vil me absolutt anbefala deg å ta turen innom www.kartbutikken.no. Med deira fantastiske visuelle oversikt, finn du lett ut kva kart du treng for turen din.

17351128_10208410531561072_1086299669_n

Råvarene.com

Råvarene er en nyoppstartet butikk i Bergen som selger varer uten embalasje og som fokuserer på bærekraft og miljø i alle ledd. Butikken drives av en veninne av Ingrid som har gitt oss rabatter på kjøp av tørket frukt og bær. Dette kommer godt med da det blir lite fersk frukt og grønt ellers på turen, og ved å spise tørkede bær og frukt så får vi i oss viktige vitaminier på turen. Råvarene har godt utvalg av feske grønnsaker, korn, nøtter, miljøvennlig vaskemidler og mye mer. Anbefaler absolutt alle som er innom Skostredet i Bergen til å ta turen innom Råvarene for å handle. Husk egne poser eller krukker!

Gå inn på Råvarene for mer info.

raavarene-bilde

Tore Litlere Rydgren

Synnøve sin tidlegare lærar om elektroniske dippeduttar i friluftsliv, har gjedd god support til GPSen. Supporten vil koma godt med, både til hygge og betre navigering. Me vil difor senda Tore ein stor takk.

Rydgren

Pappaen til Synnøve

Sjølv om Synnøve helst vil vera heilt sjølvstendig, må ho innrømma at det er ho ikkje. Så den største sponsoren for Synnøve har blitt pappa på denne turen. Han blir også med på tur den første månaden, og fraktar alt utstyret frå Bjørgum til Nordkapp i bil. Tusen takk pappa.

Mammaen til Synnøve

Denne turen er heilt avhengig av etterforsyningar, noko me skal få relativt ofte. Difor skyldar me mammaen til Synnøve ein stor takk. Då bilen frå Bjørgum forsvinn heim, vil det kome jamleg forsyningar i posten, som mammaen til Synnøve sender opp til oss. Utan denne hjelpa hadde turen vore veldig vanskelig å gjennomføra. Me set veldig pris på hjelpa.

P1000980

 

Seleverkstedet

I researchen etter god pulk, har alle teikn peika på Seleverksted sin Togo kløv som den beste til lange turar! Men eg tok ikkje kontakt før i vinter, og fortalte at eg ville kjøpa ein sånn kløv! Seleverkstedet syr ikkje kløvar på vinteren, så eg såg tida kunne bli knapp! Men heldigvis fekk eg koma først i ventelista på kløv, så kløven fekk koma fram til meg i god tid før tur. Dermed får me med oss ein knallbra kløv på turen. Tusen takk! IMG_0023

Vil du ha biletet av deg på denne sida? Fortvil ikkje. Med ordentleg hjelp og bidrag skal du få god omtale og flott bilete på bloggen.

Advertisement