Dag 128
Kvelden i forvegen hadde me fått tre-retters middag og vin hjå Synøve, sjefen vår på Eidsbugarden, og sjølv om kvelden var fuktig var me i fin form til å gå. Sjølv om det var trist, som alltid når ein må reisa frå Eidsbugarden og det er lenge til ein skal opp att. Stemninga på Eidsbugarden er heilt spesiell, med folka som oppsøker staden og all den vakre naturen rundt. Heldig for oss ville personalet køyra sekkane våre til Tyinkrysset, så me fekk vandra lette og ledige avgårde. På Tyinholmen ville me inn og helsa på vertskapet Turid, som etter vår smak er langt over gjennomsnittet koselig og verdt å ta ein prat med. Ho stilte opp med meir enn ein prat, og me fekk både brus og fleire vaflar! Og tru meg, vaflane er av svært høg kvalitet. Ute var det hustrig, men me kan ikkje sitja inne heile dagen, så då gjekk turen vidare. Det regna og sludda og me fekk ein svært kald oppleving. Men heldigvis skulle me sova inne. På Tyinkrysset vart me møtt av ein tidlegare studiekamerat av meg, Øyvind som jobbar på Intersport og Ola kameraten hans som jobbar på Joker (dei to einaste butikkane på Tyinkrysset). Dei tok oss med heim til Vang. Sjefen vår Synøve fekk også bli med, og me vart servert taco, chips, brus, øl og jägermeister. Stemninga var stor då me spelte kort og filosoferte over livet til langt utpå kvelden.
Alltid liv på Eidsbugarden!
Sjølv om biletet er dårlig, var stemninga god!
Dag 129
Etter eggerøra og heilmjølk til frukost, fekk me sitja på opp att til Tyinkrysset. Snille Synøve køyrde sekkane våre til Nystua. Dei første fem flate kilometrane gjekk lett, men etter me spente på oss sekkane og byrja på oppstiginga, kjende ein på kroppen at dei siste tre kveldane har vore over gjennomsnittet fuktig. Det er jammen godt me skulle til ei sjølvbetjent hytta utan alkohol. Oppi høgda snødde det tørr snø, og me fekk vår første smak på vinteren. Me nådde hytta i snødrevet, og kosa oss veldig.
Snø!
Dag 130
Nok ein dag i snøen, men no gjekk me endå høgare opp i høgda. Der vart det meir snø og meir ur, og me strevde oss opp gjennom og nedover. Snøen skjulte kor det var godt å setja føttene og det skulle lite til for at ein sklei. I løpet av dagen sklei me sikkert 100 gonger på steinane. Farten gjekk ned, og me fann ut at å gå i mange dagar med sånne forhold er uforsvarleg. Eg hadde bestemt meg for mange dagar sidan at eg ikkje ville gjennom Skarvheimen eller Hardangervidda i år. Eg vil venta på at vinteren kjem, så eg kan gå på ski. Det er mange grunnar til at eg vil venta, blant anna at eg vil ha ein sjanse til å ta igjen etappen eg manglar i Sør-Trøndelag og Hedmark før jul, eg vil oppleva fjellområdet på ski og eg vil at pappa skal få vera på ski gjennom området. Eg har gått der ein gong før, og då tenkte eg “her vil eg ta pappa med ein gong”. Planen var at Ingrid skulle sjå an forholda, men prøva å gå til Lindesnes no i haust om alt låg til rette. Men iløpet av dagsmarsjen vart ho einig med seg sjølv om at det ikkje er ansvarleg å gå gjennom urete Skarvheimen med så mykje snø. Klokt val.
Vakkert lys!
Aldri før har me slite sånn i ura, som her!
Å eta med vottar er ein kunst!
Etter å ha fortsatt på stien eit stykke til, kom me til ein grusveg som me valde å følgja ned. Sjølv om den var lenger, tente me nok mykje tid på å velgja den istadenfor det snødekte landskapet. Me kom ned på bilvegen over Hemsedalsfjellet, og gjekk bort til turisthytta på Breistølen.
Og DER var vår/sommar/haust turen til meg og Ingrid over. Der me dreiv og pakka og styrte på, for å koma oss i kvar sin retning, forstod eg ikkje heilt kva som var i ferd med å skje. Eg var sliten, og gleda meg masse til å koma heim til Voss. Ingrid skulle til Hemsedal på besøk til Alex, som me har jobba med på Eidsbugarden. Men i dag kjenner eg på det, at turen vår er over. Me skal ikkje lenger eta, gå og sova med kvarandre lenger. Me skal ikkje lenger smila til framande, brenna bål mens me funderer over livet eller vera irritert på at den andre luktar tåfis. Det er litt surt at rusleturen vår til Lindesnes ikkje gjekk heilt til Lindesnes, men med forholda og våre ønskjer til korleis me ville ha turen, er det ein stor seier at me har gått så innmarri langt og tålt både dei positive og negative sidene ved kvarandre. Det har vertfall vore ein heilt vilt bra oppleving, å få gå ein stor del av Noreg på langs saman med Ingrid og Grønlandshunden Daik.
Dag 121
Avgang klokka 8 vart ein rekord for oss, og etter to minutt møtte me ein trivelig veterinær som ville køyra sekken vår. Sekken var tung på ryggen, etter proviantering i Otta, så det passa godt. Me suste av gårde til Sjoa, der me fekk ein flott pause nede ved elva. Me fant sekkane våre, og gjekk nordover mot Heidal. På store vegar er det vanskelig å få sendt sekkane med bilar. Me mistenkjer dei trur me vil haika oss sjølv, noko dei fleste ikkje har plass til. Me valde difor baksidevegen på andre sida av Sjoa, der me til slutt fekk haika sekken nokre kilometer. Me banka på nokre dører for å hinta til om me om me kunne sova over i hagen, men ingen tok hintet. Det er ingen tvil om at me har kome til Sør-Noreg. Det som derimot var mykje lettare var å få lada opp mobilen i huset som var nærast teltplassen.
Dag 122
Eg starta dagen med å finna mobilen min i postkassa som avtalt. I tillegg til ein full-lada mobil hadde familien lagt ved snop, kjeks, nøtter og øl. Tuusen takk! Me spente på oss sekkane og gjekk i veg mot Coop i Heidal. Der møtte me ein trivelig gjeng med eldre mannfolk, deriblant Odd som ville køyra sekken vår til Randsverk om han fekk kjøpa kaka og kaffi til oss. Det fekk han sjølvsagt, og me sat lenge og snakka om bygdeliv, dialektord og traktorar med karane. Etterpå for me lett avgårde oppover bakkane til Randsverk. Der møtte me nok ein gong folk som ville køyra sekken, og me fekk ein lett siste-etappe på dagen. På kvelden kosa me oss glugg med øl, kjeks og snop.
Dag 123
På butikken på Randsverk fekk me laga ein plakat med orda “vil du køyra sekkane våre?” og me fekk napp på første bil. Då me fant sekkane på kvelden hadde dei lagt ved masse godis til oss, tusen takk! Dagen gjekk lett innover Valdresflya, og stemninga var stor då me møtte Synøve, sjefen vår på Eidsbugarden! På kvelden telta me rett oppafor Bessheim og jubla for at me endelig var ferdig med asfalt, noko som passa godt då eg hadde gnagsår på ALLE tærene mine.
Dag 124
Me gjekk over fjellet og naut ein god lunsj på Gjendesheim. Vidare følgde me stien langs Gjende til Memurubu. Det blas godt i teltet og med værmeldinga var me litt spente på morgodagen og Bukkelægret.
Dag 125
Denne dagen hadde eg vore spent på lenge. Klyva ned Bukkelægret med tung sekk og gira hund med svær kløv. Eg har tidlegare på turen hatt mange fall som ein kombinasjon av tung sekk og gira hund og eg har også ein relativt stor høgdeskrekk. Men det måtte jo berre gå. Etter ein nydelig vandretur til Bukkelægret var eg klar, med nerver på høggir. Då me kom til det brattaste partiet tok Ingrid Daik for meg, for eg hadde ærlig talt nok med meg sjølv. Og på det aller verste partiet, der eg ikkje såg mogelege vegar og tårene pressa på, fekk eg gå utan sekk. Snille Ingrid gjekk to turar, så ho fekk ned min sekk også. Då me endelig var nede pusta eg letta ut, og hadde kjensla av at eg var glad for at eg overlevde. Om kvelden tok me inn på Gjendebu.
Dag 126
Eg vakna til masse spenning i kroppen. Det var litt som å vakna på julafta. Me hadde berre 12 km å gå, og då skulle me vera på Eidsbugarden. Eidsbugarden, vår felles arbeidsplass og staden eg og Ingrid vart kjend med kvarandre. I tillegg skulle broren min koma på besøk. Turen over fjellet var kald og hustrig, men då me kom over den siste bakkekanten og såg hotellet, kom gledestårene, me hadde GÅTT til Eidsbugarden. Det var ein stor augnablink. Synøve stilte også opp med GRATIS hotellrom, FOR ein luksus. TUSEN takk Synøve. Me vart servert god middag og hadde mykje moro i baren med våre tidlegare kollegaer og min artige storebror som ler lika høgt som meg. Me hadde det veldig artig, men mest av alt sat me med kjensla av å ha kome heim.
Dag 127
Kviledag på Eidsbugarden. Godt å kvila, og godt å ha fri. Litt praktiske gjeremål må ein som alltid få unna, men det var fortsatt tid til masse kos. Storebroren min spanderte Fondsburger på oss, burgeren eg har drøymd om sidan Nordkapp! Seinare i dag skal me på tre-retters middag i hytta til Synøve, så resten av kvelden skal også nytast.
Synnøve skriv:
Planen var at me skulle begynna å gå midt på dagen, det var berre eit problem, ankelen min var blitt skikkelig vond i løpet av kvilinga, så vond eg måtte halta når eg gjekk. Me venta difor med å gå til dagen etterpå, sånn at eg kunne ta ein tur til legen. Heldige som me var hadde me blitt kjend med Jens Petter i Meråker, som fiksa husrom til oss hos Rune. Der blei me tatt godt imot. Etter legebesøk og fysioterapibesøk såg det ikkje så verst ut, så me venta nokre dagar til, men etter ny konsultasjon og tanke om at neste etappe innebar mykje asfalt, hang spørsmålet i lufta om kva som var den beste løysinga framover. Stemninga var ikkje så god, å bli stoppa sånn som dette var langt frå planlagd. Men for å koma seg så langt sørover som mogeleg i haust, fann me ut at det beste var at eg hoppa over denne etappen for denne gong.
Dag 108
Ingrid skriver:
Det var veldig kjedelig å reise fra Synnøve som måtte vente ufrivillig på å reparere foten, men vi ble enige om at det var best at jeg gikk i forveien siden det var mye asfalt på denne etappen og vi ville komme oss framover. Jeg dro derfor fra meråker onsdag morgen. På vei opp i Skarvan og Roltdalen nasjonalpark var det mye mer myr enn forventet og kroppen føltes tung etter flere hviledager med mye mat. Heldigvis lettet været litt og motivasjonen økte. Jeg møtte flere jegere denne dagen som hadde fått mange ryper. Gikk ca 26 km denne dagen og fant en fin leirplass i 5 tiden og gikk tidlig til sengs.
Kameraet kan bare ta bilder når det er oppholdsvær, i dag ble det 10 minutter med sol mellom regnbyger.
Dag 109
Våknet kl 6 og var glad for at redselen over å sove i telt alene ikke hadde meldt seg og at jeg var godt utvilt og klar for en lang etappe. Gikk ned til Shultzhytta og møtte noen jegere og Norge på tvers vandrere på hytta som jeg slo av en prat med. Gikk derfra i 10 tiden og etter mange lange bakker og tunge myrer var jeg helt utslitt. Beina var så tunge og jeg var sulten og lei og været var tåkete og grått. I 7 tiden kom jeg vaggende ned fra fjellet der jeg møtte verdens hyggeligste foreldre til Hanne Græsli som er ei jente Synnøve kjenner. De hadde sagt ja til at jeg kunne overnatte der og hadde redd opp seng i egen leilighet med brus, godis og chips på bordet og med middag og dessert klar når jeg kom. Jeg ble så glad at jeg nesten begynte å gråte. Veldig hyggelig selskap var de også så jeg koste meg veldig resten av kvelden!
Veldig sliten, men det hjelper med litt blåbærpauser.Mammaen til Hanne, som er kjæreste med broren til barndomsvenninna til Synnøve. Det var veldig hyggelig å møte dere, takk for gjestfriheten, jeg kommer gjerne igjen!
Dag 110
Kom litt sent i gang da jeg måtte videresende en pakke på posten og handle litt. Begynte ikke å gå før i 12 tiden så etappen denne dagen ble ikke så lang. Gikk over til Haltdalen og slo leir i en skog ved veien. Dette synes jeg ikke var noe hyggelig. Skogen var mørk og våt og teltet klissvått. Jeg gråt en liten tåre, men ble i litt bedre humør da jeg fant noen fine furutrær å slå opp teltet ved og fikk varmen i posen med varmeflaske og litt stemingsmusikk fra Susanne Sundfør sitt nye album på Spotify.
Tusen takk til Norrøna for god hjelp med ny bukse da den forrige ble utslitt. Dette er modellen Falketind, og er den beste turbuksa jeg har hatt!
Dag 111
Lang dag på vei. Gikk noen timer med sekken før jeg fikk haiket den, men når jeg fikk sendt sekken i forveien, gikk vandringen som en lek. Med musikk på øret var jeg raskt ved Ålen der jeg fikk servert laks, salat og focaccia av betjeningen på coop Prix. Betjeningen hjalp meg også med å få kjørt sekken videre mot Glåmos. Tusen takk til damen fra butikken som hjalp meg og takk til Åse som kjørte sekken min opp alle bakkene fra Ålen. Denne dagen gikk jeg ca 33 km. Fikk overnatte på hytte denne natten og fikk tørket teltet og hvilt godt.
Tusen takk til damene på Coop som så at jeg var lei av knekkebrød.Takk til Åse som køyrde sekken.
Dag 112
Turen gikk langs landeveien til Røros. Fikk haiket sekken nesten hele veien og det var lett å gå. Fikk likevel blemmer under føttene så det ble mye hviling på hotellrommet på Røros denne kvelden.
Røros ♥
Dag 113
Shopping på Røros. Etter mye plaging med våte føtter i det siste og impregnering som ikke fungerer, så bestemte jeg meg for å kjøpe meg nye sko. Det er en risiko og starte med nye sko, men jeg var så lei av neglbitt og skrukkete føtter at jeg bestemte meg for å ta sjansen. Fikk god hjelp og litt rabatter og var veldig fornøyd med handelen. Etterpå tok jeg meg en rask sightseeing i byen før jeg gikk videre i 12 tiden. Dey tok lang tid å hakke sekken i dag, men på ettermiddagen møtte jeg en hyggelig dame som ville kjøre sekken de siste kilometerne. Da jeg fant sekken hadde hun lagt oppi lokal spekepølse og sjokolade. Det gjorde en stusselig dag mye bedre. Tusen takk Hilde! Gikk ca 24 km denne dagen og overnattet på en stengt camingplass rett ved veien. Det var ganske stusselig. Spesielt når jeg gikk forbi en nydelig teltplass 2km sørover dagen etter.
Takk til Sport1 Røros for gode rabatter på mine nye Sko!
Dag 114
Målet for dagen var å komme til Tynset. Startet i 9 tiden og gikk vel en mil før jeg fikk haiket sekken av en veldig koselig mann som hadde reist fra Nederland for å gå sin årlige topptur til der en i familien hans hadde fått spredt asken sin. En veldig rørende historie. Kom til Tynset i 6 tiden og teltet på campingen der. Ca 33km denne dagen.
Kjem’n te Tynset så trivs’n…
Synnøve sine fridagar:
Mens Ingrid gjekk tur hadde eg plutselig tid til å sjå på TV, og med vond ankel vart det mykje TV-titting. Eg fekk bli hjå Rune i Meråker så lenge eg ville, der eg følte meg som heima. Det var litt godt å ha fri, ringa jamleg til familie og venner og slappa fullstendig av. Men eg sakna veldig å vera på tur. Daik var blitt litt tynn i det sista, men snille Jim Rune gav oss masse vom, så Daik fekk leggja litt på seg, stor stas for oss begge. Etter nokre dagar i Meråker, tok eg turen til Trondheim, der eg fekk bu hos Espen, ein kamerat av pappa. Der fekk eg svært gode middagar og tilgang på kaffimaskina hans. Han budde i byåsen, rett ved skog og turstiar, så eg og Daik fekk flotte turar i skogen. Ankelen vart sterkare og eg vart klar for tur igjen. Høgdepunkt frå opphaldet i Trondheim må vera når eg passerte Petter Northug i marka, og Rikke og Silje i byen. Det var dumt at eg måtte ta fri frå tur og hoppa over ein etappe, men når eg gjorde det var det ikkje så verst likavel. Stor takk til Rune og Espen for å gje meg husrom.
Dag 115
Ingrid skriver:
Siste etappe på vei før jeg skulle møte Synnøve. Ca 24 km ned til Alvdal. I dag kom det snø på fjellene og det var kaldt i lufta. Litt sliten i kroppen men var framme ved Alvdal i 4 tiden og gledet meg veldig til å se Synnøve igjen!
Synnøve skriv:
Og endelig var det tid for å møta Ingrid igjen. Eg og Daik tok toget til Røros, der me fekk flott omvisning av ein bekjent. Vidare tok me turen til Alvdal, der me møtte Ingrid som hadde gått frå Tynset. I Alvdal fekk me bu hjå foreldra til Jon Ola, som eg har blitt kjend med i Harstad når eg har besøkt Marit, eigaren til Daik. Foreldra viste seg å vera minst lika koselig som han, og me vart tatt imot med opne armar. Inn i heimen deira, som var eit vakkert restaurert tømmerhus.
Dag 116
Foreldra til Jon Ola har mjølkeproduksjon på garden, og eg og Ingrid vart sjølvsagt med på fjøsstellet. Det er verdt å nemna at Jon Ola er vokalist i musikkvideoen til Alvdal bondelag, med melodien til “pinne for landet”. Difor gjekk me rundt i fjøsen og sang “vi trenger bønder i Alvdal, bønder på Trysil, bønder i Folldal, i hele landet” og “du skal få norsk mat på bordet, kvalitetsprodukter laget der du bor”. Kyra vart vertfall mjølka, og etter mjølkinga fekk dei ut på beite. God dyrevelferd etter vårt syn. Inne vart me servert frukost med heimalaga rømme, flatbrød, pultost og brød, mens Gun stod og kokte Soingraut av mjølk som var mjølka den dagen. Me synst det var så kjekt å vera der, at me drog ikkje før klokka 12. Me fekk køyrd sekken vår, og med berre 12 km å gå var det berre velstand. På kvelden fyrte me bål under ei vakker og lun furu. Bål gjer noko med ein, og gjennom kvelden hadde me mykje god filosofering om livet, omverda og oss sjølve.
PS. Mango varma på bål er godt i haustkulda
Koking av Soingraut, rett frå juret i fjøsen 😉Stemning ♥
Dag 117
Me skulle høgare opp i terrenget, og opp til snøen me hadde sett oppi høgda. Me hadde ein kort dag for at ankelen min skulle få ein rolig start, og me fekk dermed tid til å fiska litt også. I løpet av dagen sa me om igjen og om igjen, at her var det jammen vakkert. Og det var det verkeleg, med litt snø, haustfargar og masse reinsdyrlav. Me kosa oss veldig, og etter 16 km var me framme på Breisjøseter. Der fekk me lada batteri og tørka sko, og alt var berre velstand i teltet.
SNØ ❄ :O
Dag 118
Etter 12 km med sekk på grusveg, møtte me foreldra til Ingrid, til stor begeistring frå tobeinte og firbeinte. Dei køyrde sekkane våre 7 km, før me byrja på oppstiginga til Bjørnhollia på 6 km. Der var det berre ope i den sjølvbetjente delen, men når foreldra til Ingrid hadde sekken full av lammelår, vin, fløtegratinerte poteter, kantarellar og egg og bacon til frukost, fekk me ein luksusoppleving likavel.
Vinternatt i Rondane??Lammelår, fløtegratinerte poteter, løk, kantareller og rødvin.
Dag 119
Det er fortsatt litt uvant å stå opp i mørket klokka 6, men når ein får fyr i ovnen og fyrt på stearinlysa er det litt koselig likavel. Etter ein aldeles god frukost vart Tom Erik med oss på tur over til Rondvassbu, mens Ragnhild køyrde bilen rundt fjellet. Dagen var stort sett prega av yr og skodda, men desto mektigare kjennest fjellet ut. I 3 tida var me framme på Rondvassbu, der Ragnhild heia oss i mål med øl og sponsing av opphald inkludert tre-retters middag og frukost. Tusen takk Ragnhild og Tom Erik. Rundt middagsbordet vart me kjend med masse flotte folk, nokon ville til og med spela fantasi med oss etterpå. All øvinga på å gjette seg til kva den andre tenker og meiner har visst virka, for vinnaren av spelet vart oss.
Tusen hjertelig takk til mamma og pappa!
Vi vant!
Dag 120
Etter å ha kosa oss veldig på Rondvassbu gjekk turen til Otta. Turen ned tok lang tid, me kan vel innrømma det vart litt somling undervegs, men litt før 6 var me klare til å henta ut depotet på butikken og etter pakking og styring kom me oss akkurat fram på Otta camping, rett før mørket kom. Teltet vart sett opp i mørkret, ikkje anbefalt om ein vil unngå dei to humpane som fins på grasplenen.
Nydelig morgen på Rondvassbu, før det skya over!Jeg forsynte meg fem ganger, omnomnomnom
Vi startet dagen fra Skjellbredtunet etter at Jo (faren til Mette som er ei felles venninne) hadde vært så snill og kjørt oss fra Snåsa og tilbake der vi var før hviledag. I tillegg fikk vi mye hjelp fra Snåsa fjellstyre til planlegging av rute og lokale tips. Tusen takk! Dagen startet med 10 km på vei i 12 tiden i litt regn, men det lettet fort og sola tittet fram ut på dagen. Inn på utydelig ATV-sti og 11 km i oppoverbakke og myr. Tungt var det. Litt som å tråkke på en sånn elipsemaskin på full styrke. Sakte men sikkert trampet vi oss opp bakken og slo leir ved et fint vann i halv 8 tiden. Ingrid fikk to fisk! En bitteliten og en som ble spart til kvelds neste dag. På natten satte tordenværet i gang for fullt og himmelen åpnet seg! Daik smatt inn i teltet for første gang på turen. Veldig spennende og litt skummelt med så mye regn og torden på en gang.
Hvorfor tråkke på elipsemaskin, når du kan tråkke i myra?
Reparasjon av utstyr må til en gang i blant. Her var det teltet som hadde fått en liten rift.
To småfisk denne kvelden!
Dag 94
Neste dag var været litt finere og Synnøve ledet kartlesningen. Vi hadde mange dager framfor oss uten sti, så det skaper en ekstra utfordring. Ingrids motivasjon nådde en liten bunn denne dagen og humøret var ikke helt på topp. For å få litt tid for seg selv til å tenke foreslo Ingrid å gå alene noen dager når vi kom til merket sti og selvbetjente hytter. Dette synes Synnøve var en veldig god ide! Det er en utfordring å leve så tett opp i hverandre som vi gjør, og etter ca 75 dager sammen uten alenedager er det en ærlig sak at man av og til ønsker litt fri og alenetid. Vi begynte derfor å planlegge hvordan vi skulle gjøre det med mat, telt, kart og brensel og ble enige om at vi skulle gå hver for oss fra Setertjønnhytta til Meråker. Resten av dagen ble mye bedre etter denne praten og vi koste oss veldig med ekte villmarksfølelse da vi kom ned mot Gressåmoen. (del av blåfjella og skjækerfjella nasjonalpark) For en nydelig dal med mye gammelskog og flere rovdyr som jerv og bjørn. Vi så ikke noe spor av rovdyr, men masse molter. Synnøve gikk amok i myra og plukket en pose full av multer. Med pannestekt naanbrød, fisk og masse molter så ble det en herlig kveld.
Gårsdagens fisk til kvelds, med deilige naanbrød!Multer til dessert
Dag 95
Neste dag våknet vi til litt regn og mye oppoverbakker i vente. Heldigvis gikk det ganske radig opp på fjellet og når været lettet fikk vi en nydelig utsikt. Pausen ble tilbragt ved et nydelig vann med hvite sandstrender. Selv med klissvåt bjørk, fikk vi fyr på et fint bål som varmet kalde føtter. For en luksus! Pausen drøyet ut i to timer og i det vi pakket sammen kom en skikkelig sommerskur. Sånn som man bare har på østlandet der alt høljer ned! Heldigvis varte ikke skuren så lenge. Vi navigerte oss videre og synes det var mye tverrdaler og overraskelser i terrenget som ikke gikk å lese på kartet. Navigeringen tok tid og gjorde oss slitne og lei. Da klokka ble 7 bestemte vi oss for å gå ned i furuskogen og der fant vi en nyyyydelig leirplass ved et flott vann. I horisonten ulmet rosa og gule cumulusskyer og bak oss kunne vi skimte en regnbue mellom furutrærne som glitret i kveldsola. Det tok ikke lang tid før vi fikk fyr på et skikkelig tyribål som varmet godt og tørket både sko og kropper. En liten fisk fikk vi også, men den slapp vi ut igjen.
Ikke så lett å få fyr på våt bjørk..Men vi fikk nok fyr til en kjele kokekaffe!Her høljer det ned i det vi ble ferdig med lunsjpausen!
Den gode villmarksfølelsen!!
❤
Dag 96
Siden gårsdagen ble kortere enn planlagt passet dagens mål med å sove over på Eggjaseteren gård. Dette gledet vi oss veldig til. Vi var så heldig å bli kjent med Siv som driver seteren gjennom foreldrene til Mette på Snåsa og fikk i den anledning fraktet opp et depot til gården. Når vi kom dit på ettermiddagen, var det bedrifts-fest for NTE (Nord Troms Energi) på gården. Vi ble bedt om å snakke litt om turen vår på vei til Lindesnes og fikk i tillegg veldig god middag og dessert. Siv driver også eget ysteri på gården og serverte oss nydelige oster! Vi sov godt i myke senger og hadde en hyggelig kveld med familien og barnebarna til Siv på 3 og 4 år.
Nyter de siste modne multene..mmmPause mens sola tittet frem før neste regnskur.Kokekaffe ❤Koselig på Eggjaseteren gård se: https://www.eggjaseteren.com/Lokal ost fra lokale dyr som spiser lokal mat. Det liker vi!
Dag 97
Finvær var i vente og vi gledet oss til å fortsette videre. I sekken hadde vi med nydelig ost som vi gledet oss til å smake på i lunsjen. Vi startet litt sent og det tok litt tid å komme i gang med dagen, så også denne dagen ble kortere enn planlagt. Ingrid var kartleser, men etter mye frustrasjon på fjell som ikke stemte med kartet så tok Synnøve over. Det er ikke alltid så lett å orientere i nytt terreng, men heldigvis har vi ikke gått noen store omveier enda. Vi kom oss fram til dagens mål og slo raskt leir. Målet var 9 timer søvn, så da ble det rett i seng når klokken var 9 på kvelden. I det vi gikk til sengs skinte fullmånen på en skyfri himmel og vinden stoppet opp. En kveld der alt sto stille og man bare må nyte hvert pust og hvert blikk som øyet fanger.
Nam!Daik tar ikke alltid hensyn til Synnøve i den glatte myra..Ingrid funderer på hvor vi skal gå..”Jeg skjønner ingenting av kartet!”Kvelder som dette gir ro i sjela
Dag 98
Opp kl. 6 og klar for å marsjere inn til vår første selvbetjenthytte, Setertjønnhytta på turen! Vi gledet oss allerede masse til pannekaker og boksmat. Ute var det ikke en sky og se, men solbrisen var kraftig og blåste sko og sokker tørre på et blunk. Også denne dagen ble kort og det passet oss ypperlig da vi fant en flott rasteplass ved et vann der vi kunne ta en lang siesta og fiske litt. Kokekaffe ble det og, men dessverre ingen fisk! Siste 5 km ble særdeles myrete og det som skulle være et forsøk på en sti, sto ikke helt opp til forventningene. Men vi kom fram til hytta i god tid til både pastagryte og pannekaker.
Dag 99
I dag skiltes våre veier for 5 dager og vi vil derfor skrive i jeg-person om vår egen opplevelse av resten av etappen.
Ingrid: Rolig morgen, og sent i gang i 10 tiden. Synnøve ble med meg til Norges midtpunkt som ligger midt i ei myr ca 600m fra hytta. Derfra var det en godt merket sti hele veien til Sjækerdalshytta. Frisk bris og motvind, men fint vær denne dagen. Humøret var godt og da beina fikk ordentlig fart på seg, så sprang jeg av gårde over myr og fjell. Nådde Sjækerdalshytta i 2 tiden. Bestemte meg for å bli der siden det var 20 km til neste overnattingsted på Vera, noe som var litt for langt for meg. På hytta var det 4G og radio som falt godt i smak for en som bare har lyttet til sin egen pust i mange dager. Selv om hytta hadde Jo Nesbø sin bok Panserhjerte liggende i hylla, måtte jeg nøye meg med Donal Duck som leselektyre for å ikke bli for mørkredd. Det hjalp ikke mye, for når mørket falt over himmelen, begynte tankene om øksemord og bjørnangrep å surre i hodet. Å gå på do rett ved vedboden nå, ble uaktuelt, og jeg gikk rett i seng, men skjønte fort at det var en dårlig avgjørelse. Etter en time klarte jeg ikke holde meg lenger og jeg tok fram lykta og fant veien til utedoen og kjente pulsen øke, mens jeg angret på at det eneste jeg har lest tidligere på turen var Harry Hole bøkene. Heldigvis fikk jeg meg noen timer søvn om natten og var i det minste litt uthvilt da morgenen slukte de skumle skyggene bak trærne i skogen.
Synnøve:
Etter at eg tok farvel med Ingrid på Noregs midtpunkt, var eg endelig aleina som menneske, fantastisk godt! Ikkje fordi det var så godt å vera utan Ingrid, men fordi det var godt å få litt tid for seg sjølv. Eg trur at uansett kven eg hadde vore saman med 24 timar i døgeret i så lang tid, hadde det vore godt å få litt rom for seg sjølv. Eg slappa av heile dagen med soving, lesing, skriving og masse god mat.
Dag 100
Ingrid: Litt sen morgen grunnet lite søvn på natten, og humøret var ikke på topp da det blåste liten kuling og regn fra sør-øst, som var retningen jeg skulle gå i 20 km denne dagen. Ikke hadde jeg noe telt å søke ly i denne dagen heller, så jeg var litt spent på hvordan det skulle gå. Jeg ventet noen timer med å gå i håp om at vinden ville løye litt. Da den ikke gjorde det, prøvde jeg meg opp en tur på fjellet likevel. Da jeg var nesten på toppen av bakken, blåste det så kraftig at jeg nesten ikke fikk føttene mot bakken. Det er ingen skam å snu, og Synnøve lå jo bak meg uansett, så jeg hadde ikke dårlig tid. Jeg gikk ned å ventet på hun, og det tok ikke lang tid før hun banket på døra. Vi spiste pannekaker og koste oss sammen på hytta en time og bestemte oss for å gå sammen over fjellet. Denne gangen i litt mindre, men fortsatt kraftig vind. Vi kom oss helskinnet over og fant en teltplass i ly.
Synnøve:
Første dag på tur aleina, på heile turen frå Nordkapp. Og med masse pågangsmot sette eg og Daik avgårde, med mål om å gå 20 km. Me suste avgårde i myr og skog, og var klar for lunsj på Skjækerdalshytta. Der møtte me Ingrid, eit allereie gledeleg gjensyn. Etter lunsj sette me avgårde opp på fjellet der det blas så friskt at me ikkje ville setja opp teltet før me var i skoggrensa att. Etter 24 km for meg og Daik slo me camp.
Dag 101
Ingrid:
Det vedvarende høytrykket som hadde blitt lovet noen dager i forveien stemte overhode ikke med været denne dagen. Våknet i skikkelig drittvær kl 6 og gjorde meg raskt klar for å gå alene igjen, litt før Synnøve for å være sikker på å rekke Bellingstua som lå ca 25km unna. Var klar på rekordtid kl. 7 og etter 2 timer var jeg nede på Vera som er ei lita bygd med 12 fastboende. Klissvåt og kald, møtte jeg en bonde som spurte om jeg ville møte Ingrid Fjellberg. Hun hadde kommet til Vera dagen før og var fortsatt på en hytte i nærheten. Jeg fortet meg dit og fant Ingrid på hytta som tilbød kakao og en varm peis. Der ble vi en god stund for å tørke klær, spise og sjekke facebook. Vi bestemte oss for å gå sammen til Bellingstua og håpet at Synnøve også rakk fram før mørket kom. Regnet gjorde myrene ekstra tunge og å gå i våte myrer i oppoverbakke er slett ingen lek. Vi kom oss heldigvis fram til hytta i god tid før mørket kom og fikk fort fyr i peisen og sannelig kom ikke Synnøve også, kun en time bak oss! I dag var det ingen tørre flekker på ulltøyet! Fruktcoctail var en god luksus å unne seg etter en slitsom dag.
Synnøve:
Etter at Ingrid gjekk klokka 7, kosa eg og Daik oss fram til 9, då me var klare til å gå! Etter lang dag dagen i forvegen var eg ikkje sikker på kor langt eg ville gå, men etter 7 km i høljregn var alt på kroppen klissvått, så vått at eg bestemte meg for at eg SKULLE nå hytta før det blei mørkt. Etter 25 km, oversvømte myrer, myrer med basseng, masse kaldt regn og slitne lår, var det enormt godt å koma fram til hytta, der eg fant både Ingrid Fredriksen OG Ingrid Fjellberg! Me kosa oss veldig på hytta, og kle og utstyr vart nesten tørt.
(Ingen bilder tatt i dag dessverre )
Dag 102
Ingrid:
Opp kl 6 og stresset med å komme meg i gang tidlig for å rekke dagens mål før det ble mørkt. Hodelykten min fungerer ikke lenger og uten telt er jeg avhengig av å komme meg på hytta for å ha tak over hodet. Ingrid Fjellberg ville bli med meg å gå og gjorde seg fort klar hun også. Synnøve dro noen timer etterpå. Når vi kom til skiltet som hadde merket sti til Ferslia som var dagens mål, så sto det 35 km. Dette kan jo ikke stemme. Vi telte på kartet og fant ut at det måtte være nærmere 27 km og peiste på i oppoverbakkene for å komme oss godt i gang. Jeg ble litt stresset av at det kanskje var lenger enn jeg trodde så jeg nærmest løp opp myrene, mens Ingrid peste bak. Brått roper hun at hun ikke gidder mer og heller tok seg en hvil i sola. Jeg fortsatte alene, og synes det var litt godt. Det var jo tross alt meningen at disse dagene skulle være alene, men mye av tiden hadde jo gått med Synnøve og Ingrid. Når jeg går alene, så går jeg veldig fort, nærmest springer, og denne dagen var det en sann glede! Etter mye dårlig vær og mye myr var jeg helt henrykt over medvind og tørre vidder. Jeg sang og snakket med meg selv om hvor lykkelig jeg var, og før jeg viste ord av det så var jeg fremme på Ferslia. Denne natten bestemte jeg meg for at seriemorderne i Harry Hole bøkene ikke skulle få plage meg, og jeg sovnet ganske så lett i senga alene på hytta denne kvelden.
Synnøve:
Endelig vakna me til SOOOOL og blå himmel! Deilig! Men eg skal innrømma at eg var litt sliten, og sendte Ingrid x2 i forvegen. Dei 27 km til neste hytta kjende eg fort eg ikkje ville greia, og sleit meg oppover i myra. Det gjekk sakte, og pausane vart lange i den deilige sola. Eg var svolten og sliten då det lei på dag, og då Ingrid Fjellberg dukka opp vart eg så glad eg nesten blei litt rørt. Ho hadde skilt lag med Ingrid, og no slo me oss saman. Etter 20 km slo me leir på ein vindfull, men svært vakker plass.
Sekundet før jeg lå paddeflat på broa grunnet veldig glatte plankerSliten og veldig lykkelig!Høsten er i gang!
Dag 103
Ingrid:
Ny dag, litt støl, ganske klar for pizza og øl. 22 km på vei ned til Meråker skulle gå som en lek. Lang frokost og musikk på øret langs landeveien. Åhh, som jeg elsker å gå Norge på langs! Det er så enkelt dette livet. Lunsjen ble sjokolade da jeg var nesten tom for mat. Ganske så sulten var jeg når jeg kom ned til Meråker. Heldigvis møtte jeg en hyggelig mann som inviterte meg på pizza og dusj. Det var det beste som kunne skje! På ettermiddagen tok jeg toget og gjorde meg klar for å dra på storbyferie til Trondheim frem til Søndag formiddag. Jeg fikk bo hos min fetter og hadde avtalt å møte et par venner. Når jeg kom fram til leiligheten til fetteren min fikk jeg servert mange porsjoner med nydelig hjemmelaget lasagne og smoothie. Det kunne ikke blitt bedre, rett og slett. Etter mange dager med mye pesing i myr og tunge bakker, har fettet sust av, så kalorier er gull verdt på hviledager og egentlig hver dag.
Synnøve:
Fortsatt litt bra vær, kunne me nå fram til Meråker i dag, 30 km unna? Etter 7 km på sti, der me presterte å gå litt feil, kom me inn på bilvegen til Meråker. Ingrid skulle nå eit tog til Trondheim og gjekk i forvegen. På vegen møtte eg mykje bra folk, blant anna folk som ville køyra sekken min, deilig! Og plutselig var eg kome langt, det var rart å tenkja at EG kunne gå så langt på ein dag, og plutselig hadde eg gått 30 km. På togstasjonen møtte eg Ingrid x2, som begge var på veg til Trondheim, og eg måtte ta eit endelig farvel med Ingrid Fjellberg på turen. Svært trist, ho har vore ein stor del av turen vår, og har gjedd oss mykje gleda. Men no har vegane våre gått i forskjellige retningar, og neste gong eg møter ho vil vera i “det vanlige livet”, tenk det! Ingrid Fredriksen kjem heldigvis tilbake på søndag, mens eg har hotellhelg i Meråker. Eg bur på Fonnfjell hotell, som eg verkeleg vil anbefala andre som går Noreg på langs! Her har hotellverten tilpassa ting sånn at både eg og Daik skal få eit supert opphald, og eg har fått dusja med shampo og balsam, vaska klede, tørka klede, internett og TV på rommet. Her kosar eg og Daik oss veldig!
Liker!
Dag 104
Ingrid :
God frokost med egg og bacon, rundstykker og nykverna kaffe. Dusj og vask av klær, planlegging og senere på dagen: fest og sosialt. Bylivet er hektisk, men et deilig avbrekk fra villmarkslivet. Neste etappe blir mye på vei, da vi skal prøve å spare inn litt dager i håp om å rekke Lindesnes før snøen setter seg. Planen er å gå over til Tydal og via Røros og Rondane før Otta og Jotunheimen.
Synnøve:
Kviledag, med planlegging, men også tid til å slappa av, sjå på TV, og følgja med på valkampen, spennande.
Med ein god kviledag dagen i forvegen, sette me avgårde på vegen mot Lierne. Me fant ein bilveg som ville spara oss for nesten 30 km og to marsjdagar. Valet var difor lett, og me sette i gang med å gå nedover bilvegen. Me hadde mål om å få haika sekkane til dagens mål, difor var ikkje sekkane pakka perfekt til bæring. Tunge vandra med avgårde, men etter 5 km fekk me heldigvis stoppa ein bil som kunne køyra sekkane våre eit godt stykke. Lette og med god musikk på øyra, suste me avgårde og passerte kommunegrensa til Lierne, mange vakre gardsbruk og flott natur. Det beste på dagen var å bli kjent med Mona og Arnold i Liminglia, som inviterte oss inn på overnatting i senger og dusj. Dette inkluderte også øl og vin, og verdas beste elggryte med heimalaga flatbrød. Me hadde det svært hyggelig saman, og me fekk ein svært trivelig kveld! Daik kosa seg også, då dei hadde ei ung og spretten tispa som han fekk leika seg med. Slike opplevingar lever ein på lenge, og me er så innmarri takksame for alle dei flotte folka som me møter på vår veg.
Av eit sveitsisk par fekk me over 40 småsjokoladar. Og vipps var alle borte!
Dag 89
Når eg får litt alkohol i blodet stig stemninga og eg blir gladfull, mens Ingrid ikkje kjenner det så mykje. Heilt til dagen etterpå. Ingrid vakna bakfull, mens eg var i fin form. Me takka for oss hjå Mona og Arnold og kom oss avgårde. Ingrid såg så dårlig ut som eg aldri har sett ho før, så det var godt å få sendt sekkane med ein bil. Heilt til eg fant ut at regnjakka og drikkeflaska låg igjen i bilen, og det byrja å regna. Men heldigvis ikkje så mykje. Etter 25 km nådde me sekkane våre, og fekk sett opp teltet i skogen. Med smørsteikt kantarell i turmaten og molter med vaniljesaus til dessert vart kvelden svært så flott!
Dag 90
Sidan Ingrid var så flink til å samla ved kvelden i forvegen, laga me oss eit riktig bra frukostbål. Kokekaffien smaka godt og bålet gav oss ein riktig bra start på dagen! Me gjekk avgårde til Kvelia, kor det bur 100 mennesker til vanlig, mens denne helga var det stappfullt av mennesker som ville sjå skodespelet “Pe Torsa”, det var som ein liten festival. Kvart år er det ny tekst på skodespelet, og med mykje trønderhumor kjem folk igjen, år etter år. Det var spennande berre å gå gjennom bygda. På lokalbutikken fekk me også kvart vårt par med ullsolar, stor stas. Me møtte også Ingrid Fjellberg, som hadde tatt inn her for helga. Me ville så gjerne bli lenge me også, men det var laurdag og google sa at Nordli post i butikk stengde klokka 3, så me måtte vidare. Ingrid, med sine lange bein, sprang i forvegen og sprang 10 km på 1 time, sprekt! Eg gjekk, og brukte ein time ekstra. På Nordli fekk me bli kjend med Svein som blant anna introduserte oss for ein sjåfør til sekkane våre og for kvinna bak Englagaard sjokolade. Ho ville flytte heim til Lierne, og for å gje seg sjølv og andre ein arbeidsplass, starta ho sitt eige sjokoladeri. Me fekk med oss ein pakke i gåve, og den smaka vel kanskje så godt som sjokolade kan smaka. På dei siste 10 km til Skjelbredtunet camping, kjende me i kroppane at me har gått langt på asfalt dei siste dagane, så to kviledagar skulle passa fint.
Dag 91
På Snåsa hadde me avtale med Inger-Lise og Jo, foreldra til Mette som me har jobba med på Eidsbugarden. Dei skulle koma å henta oss på campingen, så me fekk ein tur heim til dei, men først gjekk turen innom “Pe Torsa”. Ingrid vart med, mens eg blei igjen med Daik på campingen. Eg forstod på dei at skodespelet hadde vore bra, då me tok turen innom Englagaard sjokolade for ein godbit og kaffi. Me vil absolutt anbefala alle som ikkje har vore i Lierne før, om å ta turen innom. Her finst det flotte folk og vakkert landskap, og ikkje minst rimelig bra med “guts”. Eg og Ingrid fantaserer allereie om å dra tilbake på neste års “Pe Torsa”, til bygda der 9 av 3 bidrar, i følgje avisa. Vidare vart me køyrd heim til foreldra til Mette kor me har blitt rimelig bra oppvarta. Mette hadde kjøpt Tya øl frå Årdal, til vår store gleda, og me har blitt servert sodd til middag og eit svært dessertbord til dessert. Her kosar me oss masse.
Da Ingrid ble så gira på forestillingen, glemte hun å ta bilde. Bilde er hentet fra Google. Været var finere når hun var der vel og merke!
Dag 92
Her på Snåsa vert me så godt oppvarta, at i dag fekk me egg og bacon til frukost, og tur ned til Snåsa fjellstyre for å diskutera ruta vår for dei neste dagane med lokale kjentfolk. Jo hadde ringd og høyrd om me kunne koma, og me fekk kaffi, sjokoladekaka og masse gode tips til ruta, no har me nok funne ei flott ruta. Vidare gjekk turen til Steinkjer, der me fekk fiksa naudsynte ting, blant anna hos XXL, der dei gav svært god service og eg fekk ta reklamasjon på regnbuksa mi som har blitt litt for slitt. Kjekt å møta så serviceinnstilte og hyggelig personale. Like ved Steinkjer møtte me også Melissa, som syklar Noreg på langs, aleine. Me er imponerte, og det var skikkelig moro å møta nokon som også opplever Noreg på langs, men på ein litt anna måte. Me viste kvarandre våre hårete leggar og fortalte kvar våre historiar frå turlivet.
I morgon går turen vår vidare, denne gong på ein etappe til Meråker. Me er førebudd på myr, men satsar på lite regn.
Me kan ikkje skryta på oss å vera så gode på å koma oss tidleg avgårde etter kviledag, men etter ein god frukost, organisering av mat og utvask av hytta var me klare til å gå halv 4!! Heldigvis hadde me berre 12 km å gå, og når me kom fram til Grannes camping fekk me billig overnatting OG øl av vertskapet!
Dag 82
I dag venta monsterbakken på oss. Dagens etappe var 25 km lang, og tilsaman hadde me 850 meter stigning og mykje motvind! Jaja, det fekk no berre vera ein dryg etappe då, og etter flott fjellterreng og ein liten båttur over ei elv, fann me ein flott teltplass i nærleiken av Harevasstua. Ja, sett bort frå at eg var så trøytt at eg såg ikkje kva veg bakken hella, så den vegen me har hovuda kom i nedoverbakke.
Dag 83
Etter 5 raske kilometer på veg, møtte me Arnt og Mette Ånes, foreldra til Marit som er ei av mine beste venninner. Mette skulle vera med oss og gå i Børgefjell, og dei hadde frakta maten vår for dei neste dagane i bilen. Og med seg hadde ho også pakke frå Britt i Garsmarka, masse sjokolade og tørka frukt. Resten av turen kunne me eta så mykje sjokolade me ville, DIGG! I turfølget vårt var det berre Daik som kjente Mette frå før, men det tok ikkje lang tid før me alle likte Mette svært godt. Ho er ei sprudlande dama med masse energi, med ein innstilling om at alt ordnar seg og at me har masse tid til å kosa oss. Og i tillegg hadde ho sekken full av godsaker og posar til å ha bær i. Me plukka multer, steinsopp og kantarell, som saman med det me og Mette hadde i sekken blei ein flott tre-retters middag som ikkje hadde spor av real turmat i seg. Me sov inne på statskoghytta ved Tiplingan, fordi me var så heldige å møta på ein som hadde leigd hytta for helga! Stor stas.
Dag 84
Etter ein lang og god frukost med egg og bacon, skulle turen vår gå inn i Børgefjell nasjonalpark, utan merka stiar og bruer. Me hadde høyrd mykje om Børgefjell, om at det skulle vera så flott, så flott at me nesten blei kritiske til at det kunne vera så flott. På starten av turen var me så heldige at me fekk bruka robåt, for dei som var på nabohytta kunne ro båten tilbake. Nok ein gong må eg sei det: Heldige oss! Me sparte tre kilometer og ei elv å kryssa. Turen gjekk opp i høgda, og med kartlesar Ingrid Fjellberg kom me oss etterkvart fram til Kjukkelvatnet der me slo leir. Her prøvde me fiskestanga utan hell, og iløpet av natta blas det sånn opp at eg måtte ut å stramma bardunene. For første gong sidan påske såg eg ein klar stjernehimmel som lyste imot meg. Eg vart så bergtatt eg vart rørt, ikkje hadde eg trudd at eg har sakna stjernehimmelen så mykje!
Dag 85
Me vakna til SOL og nordavind, og Ingrid og Mette måtte berre prøva fiskestanga litt til. Eg kosa meg i varmen i teltet og følte eg hadde ein halv kviledag. Halv 12 kom me oss avgårde og sette fart mot Gaukarvatnet der me tok lunsj. Mette fekk fisk på 3. kastet og då ville me alle fiska. Men med mykje motvind og slukar som havna bak oss i kasta vart det ikkje meir fisk, så me delte søsterlig på den me hadde. Saman med kokekaffi smaka den nydelig godt og me naut vår siste pause i Nordland! Seinare kryssa me grensa over til Nord Trøndelag, og plutselig har eg gått gjennom heile Nord Noreg, sjukt kult. Mette spanderte opphald på oss på Viermahytta, me kosa oss stort og me var alle einige om at Børgefjell, eller Børgis som me pleier å sei, var minst lika fint som folk har sagt.
Dag 86
Namsvatnet er stort med mange svære elver rundt, så den sikraste ruta er å ta båt over på andre sida. På andre sida vart me møtt av Arnt, som hadde med seg masse godsaker til oss. Me tok eit trist farvel med Mette og gjekk sørover mot Røyrvik. Då me åt lunsj møtte me to damer som plukka bær, som inviterte oss med heim på garden som viste seg å vera eit ysteri, Skånliseter gårdsysteri, som lagar ost av geitemjølk. Her fekk me smaka anarkjende ostar som vert seld til blant anna til fancy michelinrestauranter som Maemo og rundt om i Europa. Ingrid og Ingrid synst brien var verdas beste. Det mest spennande var nok å høyra om korleis det var å bu så langt ute i distriktet, og viktigheita av at ein ser kva menneske- og naturressursar ein har her. Etter besøket gjekk me salige derfrå, me hadde jo møtt så flotte folk, og alle var einige i at små grønne næringar og distrikta er viktig. Då me kom fram til Røyrvik tok me inn på Limingen gjestegård, eit svært bra val! Her har me blitt møtt av fantastiske Hilde som har ein enorm serviceinnstilling og som gjer opphaldet her fantastisk bra! Me vil absolutt anbefala å ta turen innom her.
Dag 87
Om det er kviledag eller ikkje i dag veit me endå ikkje, spørst når me blir ferdig med alt me må bli ferdige med. Uansett er dette ein stor dag, ME HAR STEMT I STORTINGSVALET. Damene på kommunehuset i Røyrvik kalla meg for den mest ærlige stemmaren dei hadde møtt. For å vera sikker på at eg hadde gjort rett viste eg lappen med senterpartiet på, og me fekk oss alle ein god latter. Ingrid si stemma er hemmelig, men ho påstår at hennar stemma er grønare enn . I kveld eller imorgon tidleg går turen vidare, denne gong mot Nordli!
Me kom oss ut døra mykje seinere enn me hadde tenkt, og med altfor tunge sekker sette me avgårde. Ved ein glipp var ikkje alle karta me trengde med i depotet, men me kom fram til at det ville gå fint på grunn av gode turiststiar. Me møtte ei lokal dama som ville visa oss ein snarveg, og me takka ja. Me kom i ein så bratt bakke at me fekk kramper i leggane, og då me kom opp såg me ikkje dama igjen, heller ikkje turiststien og me lurte litt på kva me hadde tulla oss bort i. Men heldigvis kom dama tilbake, viste oss inn på turiststien og ho viste seg å vera svært trivelig. Eg presterte å detta gjennom til magen i ei myr, og mobilen som skulle vera vanntett var visst ikkje vanntett likavel. No står eg utan mobil, noko som nesten er litt godt då eg får vera meir i turbobla. I løpet av dagen tok me med oss 2000 mygg, og når me sette opp teltet var det godt å tenne opp myggspiralen. Myggspiralen gjer at alt luktar litt tobakk, så røyklukta er blitt ein av dei vonde luktane kroppane våre osar av.
Dag 71
På grunn av såre føtter og tunge sekker, blei me einige om å ta ein halv kviledag ved Virvasshytta. Turen dit var likevel fylt med vonde føtter, men me kom oss fram. Ingrid fekk prøvd fiskestanga, mens eg fekk lata meg og kvila mine såre føtter, som både hadde gnagsår og andre vondter. Me møtte mange trivelige folk på hytta, nokon gav oss til og med av heimebaksten sin: Krinalefse.
Dag 72
Med betre føtter sette me Steindalstunet, 23 km unna, som mål. Med lettgått terreng viste det seg at dette var fult mogeleg. Siste kilometeren skreik gnagsåret på hælen “stopp”, så det var godt å koma fram til hytta. Her fekk me vera aleine og kosa oss stort.
Dag 73
I dag skulle me gå 23 km til Sauvasshytta, men på skiltet stod det at det berre skulle vera 15. Ingrid ville dermed gå heile vegen til Umbukta, 26,5 km, mens eg med mine såre bein synst det var ein svært dårlig idé. Det gjorde utslag i at farta mi blei treig, og me kom til Sauvasshytta på ettermiddagen! Der møtte me trivelige folk på hytta som spanderte masse god knask på oss: Kakao, brownies, smågodt og isebergsalat, men mest av alt gode samtalar om tur og friluftsliv. Møter med bra folk gjer så godt når ein er ute på langtur, og me er så imponert over kor mykje bra folk me møter. Seinare gjekk me vidare nokre kilometer til, og fann ein riktig bra teltplass.
Dag 74
Etter 8 km kom me fram til Umbukta, der me planla å kjøpa oss lunsj om dei hadde pommes frittes. Der møtte me Ingrid Fjellberg, og det viste seg at dei hadde pommes frittes, gratis overnatting, dusj, vaskemaskin, innlagt vatn og ein TV med mange kanalar. Ein oase for fjellfolk, her kunne me no ikkje gå forbi! Det gjorde me ikkje heller, og tok ein god kviledag på Umbukta.
Dag 75
Til neste hytta skulle det vera 11,5 km, derfrå skulle det vera 10 km til neste igjen og med ein snarveg skulle me tena 7 km, Gressvasshytta skulle vera grei å nå, så etter ein lang og god frukost med eit trivelig par på umbukta, gjekk me derfrå halv 12. Ingen god ide når etappebeskrivelsen var totalt feil og det var 27 (!!!!!!!) km til første hytta. Det var ikkje berre langt, det var også mykje oppoverbakkar! Me sleit oss fram, og det vart ein dag med mange tårer! Klokka 11 stod me heilt utslitte på Gressvasshytta, der dei 10 folka som var der hadde lagt seg og me vart vist til eit hunderom ved utedassen. Me lagde mat inne hos dei andre, og på veg inn på rommet vårt mista eg middagen til Ingrid på bakken! Sliten brydde Ingrid seg ikkje om det, og me la oss til å sova.
Dag 76
Dei ti andre skulle avgårde før me stod opp og me høyrde at dei spurte kvarandre kva som låg der ute. Då Ingrid stod opp lurte ho på kva oppkast som var utanfor døra var for noko, og me lo godt når me forstod at dei andre garantert må ha trudd at me var så slitne at me kasta opp. I bra driv, men med slitne kroppar, gjekk me mot Røssli. Farten sakka av ettrerkvart, noko som påverka humøret. Det gråe været gjorde heller ikkje humøret noko betre, og mutte tok me ein matbit ved bilvegen. Eg synst staden var flott, avsidesliggjande gardsbruk, mens Ingrid påstod at plassen var stusselig. Rett etter kom me rundt ein sving, og der såg me ein scene, eit partytelt og masse folk som vinka oss opp. Det var årets Røssli rock, ein lokal festival med masse trivelige folk. Me vart oppvarta med masse god mat, øl, brennevin, karsk, meira øl, og endå meir øl og plutselig var eg litt for full. Folk var så spandable at me alltid hadde hendene fulle. Me fekk sova hos trivelige Roald, og heldivigvis drog Ingrid oss heim tidleg, i bygdefestskala.
Dag 77
Vakna fyllesjuk, kvifor i alle dagar skulle eg ta imot så mykje drikke i går? Og korleis skulle denne dagen gå? Roald stilte opp med god frukost, og Ingrid Fjellberg dukka opp, ho var visst samme plass som oss. Me sette av gårde, slitne, men det gjekk fint, mykje betre enn forventa. Og etterkvart møtte me to fjellvandrarar som gav oss nesten ein kilo brownies, DIGG! Me gjekk 15 km til Fannvatnet der me telta i vinden på stranda.
Dag 78
Fortsatt litt slitne, gjekk turen vidare. I myr og regn gjekk turen til Krutvasshytta. Tung og kjedelig dag, men dagen vart mykje betre då me kom til ferdig oppvarma hytta med flotte folk som også var på langtur.
Dag 79
Endelig fint vær, wooohooo. Og det var ikkje berre været som var bra, landskapet var også svært vakkert og lettgått. For Daik var me på kjente trakter, og me kosa oss nedover dalen til Garsmarka og hytta til Marit, hundeeigar og ei av mine aller beste venninner. Foreldra hennar har stått på og frakta inn depot og kjøpt alt me har bestilt og meir til. Me feira me var komne HALVVEGS og aldri har vel ei øl og run pølsemiddag smaka så godt. Tusen takk Mette og Arnt!
Dag 80
Kviledag og kontordag. Her er det ikkje telefondekning, så me har tatt inn hos fantastisk snille Britt som stiller med hustelefon, internett og dusj. Her har Me blitt heile dagen, då ein slik tur krev masse planlegging og organisering!
Tankane går til at det er heilt utrulig at me er komne halvvegs. Ein stor milepæl, som gjer at ein gler seg til resten av turen. Aller først ventar Børgefjell på oss, me er klare.
Etter eit heilt fantastisk opphald hos våre nye venner i Sulitjelma, starta me der me slutta forrige gong, butikken i Sulitjelma! Dagens ruta gjekk på grusveg til Coarvihytta! Ketil, vår nye venn i Sulitjelma, var så grei at han køyrde sekken til Ingrid til stigninga var slutt, og min heilt til døra på hytta. Lette gjekk me innover grusvegen. På turen blir me alltid lika glad når nokon vil gje oss noko godt å eta på. Og me har konspirert oss fram til den beste metoden å få folk til å gje: Fortelja om kor gåvmilde andre er. Og denne dagen var ikkje noko unntak. På vegen møtte me ein mann som var på hytta si med sambuaren og svigerforeldra, og etter me hadde fortalt litt om turen vår og Ingrid la ut om alt me har fått, inviterte han oss på kaffi. Me takka ja, og det viste seg at kaffi betydde kaffi, øl og velsmakande vaflar. Etter mange vaflar og mykje god prat, gjekk turen vidare til Coarvihytta. Der fekk me ta imot Ingrid Fjellberg, som hadde gått ein anna veg, og som ville gå med oss frå Coarvihytta!
Ketil vår nye venn og privatsjfør fyller alltid bensinen sin på den lokale stasjonen i Sulitjelma.Ingrid synes øl smakte himmelsk godt i varmen. Takk til snille hyttefolk!Vaflene var på jernet før vi rakk og sette oss ned og de smakte himmelsk!
Dag 65
Endelig på sti igjen, og på veg mot neste hytta. Me nyt godt av den norske turistforeningens billige hytter, og går mykje hytte til hytte for tida. Då me gjekk i Padjelanta i den steikande varmen ønska me oss regn, og det fekk me dugelig nok av. Vatnet trengde seg gjennom skallkleda mine, og me krølla oss saman under tarpen til Fjellberg i matpausen. Til og med dobesøket etter pausen vart gjort under tarpen, og me blei einige om at me angra på at me ønska oss regn. Det var lurt for då slutta det å regna, men elvene var blitt store, noko me fekk kjenna på under diverse vadingar! Me gleda oss til nok ei norsk turisthytte, med sofa og dør til soverommet, men så heldige var me ikkje. Hytta var enkel med ope løysing! Me sprengfyrte for å tørka skoa, og dermed vart Ingrid så kokande varm i senga at ho måtte liggja rett på golvet for å bli kald nok for å sova.
Øsende pøsende regn…Vi går rett på. Var så våt uansett læll!
Dag 66
Været var bra, og etter ein litt sein morgon kom me oss avgårde klokka 12! Me skulle jo berre gå 18 km, så me hadde jo heile dagen på oss. Så då hadde me jo tid til å fiska litt også. Halv to byrja me å gå igjen, og hadde berre gått 1,5 km. Ikkje særlig effektivt, men dagen vart svært flott! Me gjekk nedover i ein flott dal, og alle naut dagen mens me høyrde på musikk og podcastar. Heilt til me møtte strie elver, men me kom oss no over dei også. Under lunsjpausen på Argalashytta fant Fjellberg ein gitar, til stor glede frå oss andre. Ikkje visste eg at ho var så flink til å spela og til å synga. Neste del av etappen gjekk ved sida av ei svær elv i eit svært frodig område, vakkert. Om kvelden kom me fram til Trygvebu, som hadde sofa, elektrisitet, myggnetting på soveromma og hunderom så hunden fekk sova på rommet mitt. Stor stas!
Lettgått og nydelig landskap.Argalahytta ble bygget i 1913 og bærer preg av særdeles høy faktor av koselighet.Her vokser det visst noen sjeldene arter, men hvor er de??
Dag 67
Me hadde sett på kartet me kunne ta ein snarveg på ein traktorveg rett på Junkerdal fjellstue, som me kunne spara nokon kilometer på. Det måtte me sjølvsagt prøva. Ein gong i tida var nok vegen ein flott og flat kjerreveg, som diverre har vakse seg tett og rast litt ut. Fiskestanga og flagget mitt var ikkje så glad i alle trea, men etter litt basking kom me oss fram og der kjerrevegen var flott var den verkeleg flott! Me hadde gleda oss til is på Junkerdal fjellstue, og vart litt flate i fjeset når me fann ut at kiosken der er nedlagt. Me fortsatte over fjellet til Lønnstua på Saltfjellet, og me fann årets første blåbær! HURRA!! Ein merkedag for oss på tur! Og ikkje nok med det, Ingunn Langødegård som me har jobba med på Eidsbugarden kom i møte med oss og hadde med seg massevis av god stemning, smågodt og SMOOTHIES! Det smaka heilt vidunderlig, som ein motsats til vår einsformige kost (hint hint til andre som skal bli med oss på tur, sjå og lær av Ingunn). Etter eit bad i whiskeyvatnet var me klare for middag og øl på hotellet, før alt toppa seg med sveler og blåbærsyltetøy (frå skogen). Alle var einige om at det var ein topp dag, og at det var kjekt å ha Ingunn på besøk.
På gjenngrodde stier av en svunnen tid.Synnøve går skuffet opp slalombakken etter å ha gått rett i låst dør på vei inn til turistsenteret for å kjøpe is.Årets første blåbær!!!!!!
Fyttigrisen det er tungt å plukke blåbær med over 25 kg på ryggen…
Dag 68
Planen var å gå vestover til Saltfjellstua og følgje turiststien i 3 dagar, til Bolnastua. Men etter me fann ut at det berre var 31 km frå Lønnstua til Bolnastua over E6 vart valet klart. Me ville tene fleire dagar på å følgje vegen, og det gagnar oss stort. Difor sette me i gang med å gå på E6, og turen toppa seg verkeleg når me kom inn på gamlevegen og fekk gå på grus og læra om Saltfjellet si historie, gjennom diverse skilt på vegen. Då me nådde polarsirkelen feira me med å steika sveler, før me fortsatte i mål. Ny rekord slo me også, 31 km med den tunge sekken på ryggen, trass i diverse gnagsår. #stolt
E6 inviterer til strandpause i solaGamlevegen over SaltfjelletVi er forbi polarsirkelen!Ingrid sin første blemme kom ca på dette tidspunktet.
Dag 69
Kviledag på Bolnastua! Ingrid har haika til Storforshei for å handla, Fjellberg vaskar klede og eg latar meg og ser på politisk debatt mellom Senterpartiet og miljøpartiet de grønne i Bergen. Me er alle tre engasjert i politikk når me ikkje er på tur, og eg kjenner på at det er litt rart å vera her og ikkje med på valkampen! Heldigvis er det mange flinke senterpartistar som er med i valkampen i heile landet, og det kjem mange nye valkampar å vera med på etter denne, eg får trøysta oss med det! PS. Ingrid x2 seier det er lika mange flinke folk i Miljøpartiet de Grønne.
Me vil vertfall senda ein stor klapp på skuldra til alle der ute som står på for eit parti som dei er einig med, og som engasjerer seg i samfunnet!
I morgon set me nasa mot Hattfjelldal, noko som vert berykta som halvvegs på turen. Wooohooo.
Gøy å haike med koselige Italienere!Nå har vi det godt 🙂
– Synnøve, Ingrid, Ingrid Fjellberg og Grønlandshunden Daik 🙂
Etter en god frokost med yoghurt og brød på Ritsem pakket vi sammen og gjorde oss klar for båttur over Akkajaure. Synnøve synes det var litt kjipt å ta båten over istedenfor å gå rundt vannet, men etter mange anbefalinger om å ta båten så ble vi enige om at det var den beste løsningen. Vi tok båten over til en samelandsby som heter Vaisaluokta der det bor ca. 300 fastboende på sommeren. Området vi nå skulle inn i er kjent for tranisjonell samdrift og unikt naturmangfold. Nasjonalparkene: Store sjøfallet, Sarek og Padjelanta utgjør tilsammen området kalt Laponia. Eventyrlandet Laponia.
Vi teltet ved siden av en STF hytte når vi kom på formiddagen og ble invitert med på gudstjeneste i en kyrkkåte som ligner en stor gamme. Her møtte vi to veldig hyggelige damer som vi snakket med på kvelden og de inviterte oss med på kirkekaffe dagen etter.
Dag 56
Vi våknet brått av sola som stekte på teltduken og fikk en tidlig morgen. På vei til utedoen spretter det plutselig en skikkelse forbi. En liten kanin! I det frodige lanskapet ved Akkajaure er det mange sommerfugler og fine blomster. Etter frokost satte vi avgårde på turen over fjellet, men først gikk vi forbi kyrkkåtan som akkurat hadde startet gudstjenesten. Igjen satt de to damene som vi ble kjent med dagen før og de inviterte oss med på bålkaffe og kaker før vi gikk videre. Det kunne vi ikke si nei til og vi ble sittende her en time og prate om reindrift, friluftsliv og vakre Vaisaloukta. Etter kirkekaffen gikk vi opp på fjellet i strålende sol, men hvor var vinden? Med over 25 kg i sekken og lange oppoverbakker, så var en bris og et vindkast svært etterlenget. Etter tips fra de lokale i Vaisaloukta bestemte vi oss for å telte oppe på fjellet for å fiske ettersom vi hadde kjøpt oss fiskekort. Heldigvis kom vinden utpå kvelden og det ble en veldig flott kveld selv om det var lite fisk å få.
Dag 57
Siden gårsdagen ble kortere enn planlagt (15km) hadde vi litt å ta igjen og vi bestemte oss for å prøve å gå inn de tapte km. Det skulle vise seg å bli en svært varm dag… allerede ned bakken fra fjellet basket vi oss gjennom en tettgrodd og myggete bjørkeskog. Stien var blitt en del mindre enn oppe på fjellet og når vi plutselig kom til et hus ved innsjøen skjønte vi at vi hadde kommet på en annen sti en planlagt. Svette og med myggsvermen virrende rundt oss kom vi inn på tunet og ble møtt av to samer som tok oss godt i mot og sa at vi var langt fra de første som hadde gått ned feil sti. Da vi fortalte om lite fiskelykke fra gårsdagen, kom de med en stor røye (eller var det ørret?) til oss og sa vi skulle få den! Vi takket med noen samiske strofer vi har lært oss og tuslet videre inn på hovedstien. Lunsjen ble inntatt på en STF stuga med navn Kutjaurestugan der det var svalt og myggfritt. Videre gikk vi til en stor elv vi hadde fått høre at det var gode fiskemuligheter. Ingrid monterte opp stanga og festet en av de tre krokene vi hadde med oss. Etter 2. kastet satt spinneren seg fast på grunna. Ingrid prøvde iherdig å lirke den ut av grunna og inn på land, men måtte til slutt innse at slaget var tapt. Så var det Synnøve sin tur og hun valgte favorittkroken møresild, men etter 3 kast satt den seg også fast… med kun et turkis krok igjen i boksen og med en fisk fra samen Utsi i sekken bestemte vi oss for at vi heller skulle fokusere på å komme oss videre denne glovarme og vindstille dagen. Etter mange utmattende timer kom vi til teltplassen etter å ha gått ca 22km. Her fikk vi stekt oss fisk med potetmos og det nydelige brødet kalt glødkake, som er et samisk tradisjonsbrød som vi fikk kjøpt nystekt i kiosken ved samehytta vi teltet ved. Slitne og lei av mygg og varme gikk vi rett i seng etter inntatt måltid og våknet brått av varmen dagen derpå…
Dag 58
Selv om vi hadde prøvd å telte bak en av hyttene vi campet ved for å unngå morgensolen, så voknet vi opp også denne morgenen med et gisp. Ingrid ropte noe om klaustrofobi da hun ikke fikk til å åpne soveposen fort nok for å komme seg ut av teltet. Frokosten ble inntatt og vi pakket sekkene og var i gang i 10 tiden som har blitt en vanlig tid å starte å gå for oss. Vi startet med en monsterbakke som tok litt knekken på oss da det også i dag var steikende sol og vindstille. Hver gang brisen kom susende forbi kunne vi begge i kor si “ahh” og snu oss med fjeset mot vinden. Vi gikk forbi et reingjerde der det var etablert en lavocamp med ca 30 lavoer der samene var i full gang med å merke reinen på natten. Når vi gikk forbi lå alle og sov og vi håpte de hadde instalert aircondition i lavoene sine og lurte lenge på hvordan de taklet varmen. Også i dag ble det en lang og utmattende dag. Det ble mange pauser og vi plagdes av myggen som så sitt snitt til å skaffe seg blod når de så to bleike damer i shorts og tskjorte ligge utstrakt i pausene. Etter en lang dag var vi så slitne at diskusjonen om teltplass ble en svært vanskelig avgjørelse. Skulle vi slå leir på den kollen, eller den som sto 5 meter unna. Valget var virkelig ikke lett, men etter litt saklig diskusjon om vindforhold og underlag og vinkel på telt og soloppgang, falt til slutt valget på en særdeles fin teltplass! Bare synd at også denne natten skule by på sen solnedgang, tidlig soloppgang, null vind og mye mygg…
Dag 59
Ny dag, ny bråvåkning men denne dagen skulle bli bra til tross for ny hetebølge og myggsverm. Synnøve sa til meg at nok er nok. Vi må starte med irritasjonmestring og skal fra nå av følge Atle Antonsen sitt sinnemestringsprogram (har du ikke sett sketsjen så må du bare se den her:Alte Antonsen, ting som irriterer)
Med sinnemestringskurs i boks gikk turen som en lek. Ingenting var en hindring for oss helt til Synnøve utbryter en bekymring for foten som ikke høres helt normalt ut og stemningen synker et lite hakk. Stemningen stiger fort igjen da vi på turen stopper innom en av Europas mest øde kiosker som drives av en Nordmann. Vi kjøper både chips, brus og ekstra godsaker og får i tillegg litt ektra med oss som en liten sponsing på turen! Stemningen steg betraktlig og i dag var landskapet så flott! Åpent og frodig med nydelige daler og fjell! Til tross for vond fot og varmt vær kom vi oss likevel 24 km denne dagen.
Dag 60
Siste etappe før vi når Sulitjelma. Med litt skyer på himmelen denne morgenen drøyet vi alarmen litt for å få litt ekstra søvn. I dag skulle vi krysse grensa for siste gang på resten av turen. Dette var noe vi hadde gledet oss veldig til. Endelig tilbake i Norge ble vi møtt med de etterlengtede norske hengebroene i tre. Denne broen var i tillegg skeiv og ganske høyt over bakken. Det kilte litt ekstra i magen da beina begynte å gå sakte men kontrollert over på den andre siden. Men ingen hengebro er for vanskelig for oss. Resten av dagen skulle by på mye snø, heldigvis var første del av etappen enkel og vi hadde kommet oss til DNT hytta Sorjushytta akkurat i tide for en passende lunsj. Det var ubeskrivelse deilig å komme inn å sette seg i en sofa etter 12 dager i telt. Vi koste oss med lunsjen da vi ser en gutt med svær sekk jogge nedover snøskavelen mot hytta. Han suste inn på hytta med en liter melk, en 12 pakking med egg og masse bacon og forklarte fort at han gikk Norge på langs, men at han måtte forte seg fordi han skulle rekke bursdagen til moren sin om en måned. Synnøve hadde brukt 60 dager fra Nordkapp og når han forsatte med å fortelle at han hadde 35 kg i sekken og løp 50 km for dagen så ble vi så paff at vi nesten satt lunsjen fast i halsen. Vi ønsket han masse lykke til og var veldig glad for at vi hadde bestemt oss for å rusle av gårde og ikke løpe. Etter lunsj ble det 12 lange km igjen til Ny Sulitjelma som var etappen mål. De bestod av mye opp og ned og veldig mye snø. Noen av vannene var fortsatt helt islagt uten spor av tining! Vi kom oss ned til Ny Sulitjelma i 8 tiden og ble møtt av en frodig vakker dal, varm hytte med seng, sofa, elektrisitet og vann. Dette var luksus.
2+1 ekstra hviledag
Fredagen gikk vi ned til sulitjelma og hentet depot og handlet. Deretter ble vi kjørt til Vendela som vi kom i kontakt med gjennom Ketil som vi igjen kom i kontakt med på en lokal facebook gruppe for Sulis. Vi hadde fått husrom av Vendela og Ketil hadde sagt seg villig til å være privatsjfør og guide for oss resten av helgen. Synnøve måtte ta en tur til Harstad for å hente hunden Daik mens Ingrid ble igjen i Sulis for å organisere og slappe av. Å få mulighet til å bo og bli kjent med de som bor her har vært et stort privilegium. Vi føler oss så heldige som har fått husrom, mat, hjelp til trasport og organisering av disse to hyggelige menneskene. Å møte så gjestrie folk er en inspirasjon for å gi videre den gangen noen skulle trenge en tjeneste av meg.
På mandag morgen setter vi kursen mot Junkerdalen og Saltfjellet. Det ble en hviledag mer en planlagt da Synnøve sine sko med spesialsåler ble glemt igjen på en buss som la de igjen på hittegodset i Sortland, men etter mye styr og samtaler har de nå havnet i de rette hendene og vi er igjen klare til å vandre videre, denne gangen i regn som vi har gledet oss sånn til (mon tro hvor lang tid det tar før vi savner sola igjen?)
Ut på tur igjen! Denne gongen måtte me forlata Ingrid sin flotte familie i Narvik og ikkje minst Ingrid Fjellberg som tok turen til oss på kvelden! Me kosa oss med kaker og lefse, den gode dusjen og ordentlege senger. I bilen opp til Tornehamn sat to tause jenter, som synst det var litt rart å forlata eit så komfortabelt liv. Heldigvis ga morfaren til Ingrid oss ein mjuk start på turen, og køyrde sekkane våre eit godt stykke av vegen til Abisko, slik at me fekk vandra enkelt avgårde. Sekkene var lettare enn nokon gong ved start tenkte me, i Narvik fekk me sortert bort litt for tungt utstyr. I Abisko fant me ei vekt me kunne få sjå kor “lette” sekkane var. Hakesleppet kom då sekkane vog 27 og 26 kg, utan vatn. Etter turtips frå turiststasjonen gjekk me opp til den einaste plassen i Abisko nasjonalpark me fekk overnatta, og sette opp teltet. Etter mange møter med myggen blei me einige om at me forstår kvifor folk bur i hus og ikkje i telt.
Dag 49
Med vatn i sekken vog sekken nært 29 kg. Med viten om kor tung sekken var, virka den endå tyngre. Me var no på den mykje gåtte Kungsleden, noko me merka av at me møtte massevis av folk og stien var svært bra merka! Me møtte blant anna fire svenske karer. Dei vart nok så blenda av skjønnheit og hårete leggar at dei spurte oss om me var på dagstur. Me såg på sekkane og kvarandre, og lo godt. Dagen toppa seg då me nådde Abiskojaure der me åt lunsj saman med to tyske kvinner av den lattermilde sorten. Me lo og lo og lo, så mykje at betjeninga kom ut og spurte oss kva som var så morosamt. Men det hadde me eigentleg ikkje noko svar på. Vidare gjekk turen til me nådde nordenden av Alesjaure, der me sov i telt i regnet.
Dag 50
Etter god stemning i teltet, med musikk og moro, gjekk turen vidare i lettgått terreng. Klokka 12 var me ved Alesjaure og åt lunsj innadørs. I Sverige er dagsbesøk på turisthyttene gratis, mens overnatting innadørs kostar 420 svenske kroner. Det er uaktuell pris for oss som skal vera ute så lenge, så då blir hyttene lunsjstad for oss istadenfor overnattingsstad. Då me gjekk vidare møtte me blant anna eit svensk par som også var på langtur og som skulle oppover den ruta til Kautokeino som me kom ned. Fantastisk kjekt å møta andre som også er på langtur.
Dag 51
Etter nok ein deilig morgon med god stemning i teltet, gjekk turen oppover. I dag skulle me nå Kungsledens høgaste punkt, noko som me hadde høyrd var både “svårt” og “difficult” og full av snø. Men det viste seg å vera den lettaste snø-oppoverbakken me har vore borti til no. Av dei mange folka me møtte på stien denne dagen møtte me blant anna Lukas på 19 år frå Danmark. Han slo seg saman med oss, og var med oss heilt til stiane våre gjekk kvar sin veg. Dagens høgdepunkt må garantert vera butikken på Salka. Der hadde dei øl, og små chipsposar til 10 kroner. Me kjøpte 9 posar, og hadde “fest” i teltet om kvelden.
Dag 52
Endelig ute av Kungsleden, og ein dag me ikkje møtte folk på stien. Fantastisk deilig. Terrenget me møtte var nok det terrenget til no som minnar mest om Voss og Storavatnet. Med andre ord synst eg det var fantastisk flott! På kvelden sette me opp teltet utafor turisthytta Hukejaure, og fekk tørka litt kle og snakka med mange hyggelige folk.
Dag 53
Endelig sol! Me kosa oss på stien, og hadde mange runder med “dilemma” der dilemmaene vart drøyare og drøyare, så til slutt slutta me. Då me kom fram til Sitasjaure ville me gå litt lenger, og byrja å gå på grusvegen til Ritsem. På vegen gjekk me og drøymde om at me skulle bli kjend med ein same som kunne gje oss øl, og så kom det køyrande ein bil. Inni bilen sat ein same som både ville køyra oss til Ritsem og gje oss mat. Bilturen til Ritsem takka me nei til, men kjeksa jubla me for. Han køyrde vidare, og plutselig var han der igjen. Han hjalp oss å setja opp teltet, og diska opp med sjokolade OG ØL! Me jubla av glede når øla dukka fram, det var nesten som om me blei litt rørt. Etter øl nummer to tok me kveld, og me sa fint farvel til vår nye samiske venn.
Dag 54
Etter at varmen jaga oss ut av teltet på morgonen, fekk me ein flott frukost i sola. Ville Roger, vår nye samiske venn, dukka opp i dag også? Me trengde ikkje lura lenge, plutselig var han der. Og denne gongen hadde han med seg lasso som me fekk prøva og øva oss med. Stor stas og veldig moro. Etter nok et farvel med Roger, gjekk turen nedover mot Ritsem. På vegen var mange samar i fult arbeid med å laga reingjerder. Det var på tide å merka kalvane, så det var tid for å få opp eit gjerde til å stoppa reinen når den kjem springande nedover. Dei jobba så fort, at dei jobba nesten fortere enn eg og Ingrid gjekk. Etter mange gode samtalar gjekk turen vidare, og jubelen var stor då vår nye samiske venn Roger, kom køyrande med brus til oss, HURRA!! Snillare same skal ein leita lenge etter. Etter me nådde Ritsem i halv fire tida har me henta ut pakke heimafrå, og jobbar iherdig for å bli ferdig med det me må bli ferdige med før neste etappe. Dermed kan kviledagen imorgon bli kviledag og ikkje planleggingsdag.
Vidare skal me inn i Padjelanta og gå ned til Sulitjelma. Me må over eit stort vatn, eit vatn eg eigentleg hadde tenkt til å gå rundt. Men etter å ha snakka med lokalkjente og ein som har gått rundt i år, har eg slått tanken frå meg. Mange store elver utan bruer, han eg snakka med holdt på å drukna i ei elv. Dette tar eg ikkje sjansen på, så denne gongen bit eg i det sure eplet og tar båten eg også!
Me har også snakka om korleis turen framover skal bli. Skal me la turen få vera ein rusletur eller skal me jobba for å koma fram til det me først såg for oss. Dei vekene eg venta på at snøen skulle smelta, mista me jo mykje tid, sjølv om eg er glad eg fekk oppleva fjella frå Kautokeino og ikkje bilveg i Finland! Me har kome fram til at turen skal forbli ein rusletur, der me faktisk har tid til å fiska, lesa bok og kosa oss. Så får me heller ta igjen litt til vinteren om me ikkje rekk å gå til Lindesnes før haustsnøen kjem. Slik vil turen vår bli best for oss. Men kven veit, kanskje me blir så spreke at me kjem til opprekna tid likavel? Denne veka har vertfall kilometrane flydd forbi, sjølv om dei tunge sekkane tærer litt på kroppane.