Kilpisjärvi – Tornehamn

Kilpisjärvi – Tornehamn

Dag 35

Kviledag i Kilipsjärvi og planlegging og handling. Me skifta overnattingsstad til Kilpisjärvi hikingcenter for å spara pengar og kunna setja opp teltet. Me pakka sekken før me drog på handletur. Sekkene var fulle før me byrja å handla, korleis skulle dette gå? Etter å ha gjedd sekk og handlevarer til to forskjellige bilar som ville hjelpa oss gjekk turen smertefritt til hiking centeret (4 km), men pessimismen om korleis me skulle få plass i sekkane var der. Forrige gong hadde me planlagd mat til akkurat så mange dagar me kom til å bruka, no ville me ha litt meir, for å vita at det går fint dersom ein må bruka nokre dagar ekstra. Men sekkane blei tunge, humøret vårt også. Me skulle skiljast frå Fjellberg, som herfrå ville oppleva eventyret aleina, og få tid til å tenka. Daik hadde mista litt pels på rumpa, etter slitasje frå kløven, som myggen elska mykje meir enn me hadde rekna med. Diskusjonen om korleis me ville ha turen blei oppheta mellom meg og Ingrid, og det viste seg at me var litt meir ueinige om ting enn me hadde rekna med. Stemninga var på bånn, men etter all diskuteringa vart me einige om at den påfølgjande dagen skulle me laga fin, no skulle me på nok ein fin tur.

Dag 36

Dagen starta med ein fantastisk frukost på hiking centeret, som laga eit godt grunnlag for resten av dagen. Me spente på oss sekkane og kom i gang. Og jammen greidde me å laga god stemning. Denne dagen skulle jo bli fin for oss begge, sånn var det berre. Og slik vart det. Me møtte masse hyggelige folk som me kunne fortelja til kor tunge sekkane våre var, og me kom til Treriksrøysa og fekk oss ein rask svipptur innom Sverige, Noreg og Finland på under 15 sekund. Hytta låg berre 3 km unna treriksrøysa, og stemninga var god på hytta med vingummi og speling på hytta.

DSC_0566
Alt for tung sekk….

DSC_0572

DSC_0581
Treriksrøysa! Finland, Norge og Sverige.

Dag 37

Og herfrå var stemninga god. Me hadde jo begge fått utløp for kva som var viktig for oss på turen, så det var enklare å tilpassa oss kvarandre. Hunden gjekk greit, og forma mi hadde blitt svært mykje betre sidan me starta i Kautokeino. No var me meir like. Turen gjekk i vakkert landskap til Gappohytta, der me åt lunsj med eit finsk par og fekk oss ein kikk i hytteboka. Vidare gjekk me litt til for å koma endå nærare Rostahytta, som me skulle gå til dagen etterpå. Den einaste tørre teltflekken me fant var på ein haug, så det var god trekk i teltet. Eg fekk den “gode” ideen om at eg skulle prøva å sova i soveposen min utan varmeflaske. Etter ei natt der eg vakna mange gonger av at eg fraus er konklusjonen: ved kaldt vær og vind SKAL eg har varmeflaske (frå no av).

DSC_0595

DSC_0601
Daik elsker å rive ned DNT merkingen….Dette var tredje gangen Ingrid måtte sette steinen på plass.
DSC_0605
Fin og tørr flekk med masse vind så myggen holdt seg unna.

IMG_1460IMG_1466

Dag 38

Mykje stigning og mykje snø, men det gjekk framover. Det var litt kaldt i været, men det hjalp oss så snøen haldt seg litt hard. Over kanten fekk me gode snøfonner å skli på, moro for tobeinte og firbeinte. Halv 5 ankom me Rostahytta, rekordtid på turen for å nå dagens mål. Me var sikre på at det ikkje kom til å koma nokon til hytta, så eg sprada rundt naken og tok meg ein etterlengta vask i elva.

DSC_0611

DSC_0625
Ingrid påstår man får gode armmuskler av å gå med staver.
IMG_1471
Kantlyng
IMG_1479
Isdalen
IMG_1484
Rostadalen

Dag 39

Og plutselig var det visst folk på nabohytta likavel. Ein skal visst ikkje vera heilt sikker på at ein er aleina likavel. Det eine paret som var der hadde me tidlegare møtt i Kautokeino, og så møtte me vår nye tyske venn Malte. Malte gjekk aleina, og stoppa jamnt og trutt for å venta på oss og for å slå av ein prat. Sola skein, og me naut dagen. Me var usikker på om me ville sova inne eller ute, men med våte sko og kjekke folk på Dærtahytta var me overbevist om at me ville sova inne.

IMG_1486
Gamle rostahytta
IMG_1487
Nydelige Rostadalen

IMG_1495

IMG_1498
Malte!
IMG_1499
Nedoverbakker på snø går unna!

Dag 40

Så gjekk turen til Dividalshytta, vår første dagsmarsj på 24 km på denne etappen. Me starta tidleg saman med Malte, og nok ein gong var eg vrang og sur på morgonen. Det har vist seg at det har skjedd jamleg, at eg er gretten på starten av dagsmarsjen, før eg blir blid. Heldigvis er Ingrid sånn middels tolmodig, som lar meg få mine utbrot og etter refleksjon rundt kvifor eg blir så gretten, satsar me på at det blir ein slutt på det. Dette vart vertfall ein fantastisk dag, me naut sola og lettgått sti. Me tok pause i ein heil time i sola, og naut livet. Heilt til me møtte monsterbakken, men den gjekk no an å koma seg opp den også. Me fekk også ein ny venn denne dagen, Ola som har gått frå Alta. Det var god stemning i hytteveggen på kvelden, og stemninga steig betrakteleg når hyttevakten Victoria kom opp på kvelden og hadde med seg ferske tomatar.

IMG_1502
Nye Dærtahytta

IMG_1503IMG_1505

Dag 41

Kviledag på Dividalshytta. Endelig ein kviledag utan planleggingsarbeid, ein dag der me hadde tid til å lesa bok og slappa av. Me sa farvel til våre nye venner, og ba dei skriva i hytteboka så me fekk følgje ferda deira. Dagen vart serdeles lat, men på kvelden braut jubelen laus: Fjellberg, vår gode venn, som låg ein dag bak oss ankom Dividalshytta og me hadde masse å fortelja kvarandre.

IMG_1507

Dag 42

Fjellberg tok ein halv dag mens eg og Ingrid fortsatte. Gjennom Dividalen, Anjavassdalen og opp til Vuoma. Anjavassdalen var ei flott oppleving, sett bort frå alle dyra som følgde med, mygg og klegg. Kvar gong kleggen nærmar seg oss kjem Ingrid med store hyl og stygge ord, og sjølv om sola varma mykje, stengde ho seg inne i skalljakka i pausane. Anjavassdalen er også kjent som bjørneland, det vert jamleg sett bjørn der. Men me som har ein Grønlandshund på slep skremmer bort alt som heiter ville dyr. Hunden overraska meg svært positivt, sjølv i varmen klarar han seg fint, allmenntilstanden og arbeidslysta vert ikkje særleg redusert. No har me ikkje opplevd ekstremvarme endå, men eg vil påstå han greier seg svært bra. Me greidde ikkje å gå rett forbi Vuomahytta, me berre måtte inn og lesa kva folk hadde skrive i hytteboka, men etter lesinga gjekk me litt til for å koma nærare Altevasshytta. Myggen dominerte sterkt ute, men heldigvis slapp me unna mygg i innerteltet.

IMG_1510
Dividalshytta.
IMG_1512
Nydelig furuskog i Dividalen.
IMG_1513
Vadingen var litt dypere enn antatt!
IMG_1519
Daik har blitt veldig flink til å gå over hengebruer.
IMG_1522
Det er rovdyr i fjellene her selv om det eneste rovdyret vi har sett er mygg og klegg. Her fra Anjavassdalen.
IMG_1526
Nydelig midnattssol ca. 3km fra Voumahytta.
IMG_1527
Synnøve smiler selv om myggen svermer rundt henne. Ikke så rart når hun har en så fin mygghatt!

Dag 43

Vår lengste dag hittil, 25,5 km. Nok ein gong starta dagen oppover, med snø, denne gongen minna snøen meir om slush, og eg sank gjennom til livet fleire gongar. Likavel gjekk det relativt raskt gjennom snøen ned i dalen til Gaskashytta, der me sjølvsagt gjekk inn for å lesa hytteboka. Når me ikkje har dekning eller nett er hytteboka eit godt alternativ til Facebookstalking, der me følgjer med på dei som ligg før oss på stien og på langtur. Me har også ein vane om å fortelja alle me møter at når dei møter ei jente som går aleine må dei sei hei til Ingrid nr 2, vår kjære Fjellberg. Denne dagen møtte me også fleire folk, blant anna Philip og Philip som har gått frå Ulm i Tyskland og er på veg til Nordkapp. Etter ein god rast på Gaskashytta gjekk turen vidare til Altevasshytta. Me gjekk og me gjekk, og trudde me nesten var framme då me møtte “masse” oppoverbakkar og eit skilt der det stod at det var heile 3 km att. Ein liten knekk, men me kom oss no fram til slutt. Også på Altevasshytta kan me skryta på oss at me møtte flotte folk, blant anna eit svensk par på veg til Kilpisjärvi.

DSC_0629
Mange larver som skal bli til spesielle sommerfugler ved Altevann
IMG_1530
Rolig morgen med kaloririk frokost før turens lengste etappe.

IMG_1532IMG_1534

IMG_1535
Råtten snø med mange små bekker gjemt under snøen

 

Dag 44

Foreldra til Ingrid kom på besøk, wohooo. Dei hadde sekkane fulle av godsaker og ville også bæra for oss. Stor stas, og lette som fjører gjekk me i sola oppover på veg mot Lappjordhytta. Stemninga var heilt fantastisk, det var stor stas å ha med oss Ragnhild og Tom Erik på tur. Undervegs skya det til, og me hadde eit lite uhell på ei snøfonn. På kanten øverst var det blitt is, og me såg ikkje korleis det såg ut under. Isbrua knakk, og Tom Erik sin fot kom i klem mellom isblokkene. Foten hovna raskt opp, men etter ei tid kom me oss vidare. Med regn, vind og estra våt slush-snø vart turen ekstra tung, og jubelen var difor stor då me nådde Lappjordhytta. Der blei me møtt av personlig brev i hytteboka frå vår nye venn Malte, stor stas for to jenter som diggar hytteboka. It was nice to meet you Malte, hope you are doing fine in Germany.

IMG_0066

IMG_0068
Kos å ha besøk av mamma og pappa!
DSC_0636
Vått!
DSC_0637
Enda våtere..

 

IMG_0067
Pass opp for isbroer på snøskavler

Dag 45

Vår første morgon på leeeenge, der me sov så lenge me ville, det var ikkje så lang etappe me skulle gå. Me såg for oss at etappen skulle vera lettgått og fort gjort, den var forsåvidt det, men etappen hadde sikker 50 oppoverbakkar og 50 milliardar mygg (ifølgje Ingrid). Jubelen var stor då me såg bilvegen, og me visste at me hadde fullført vår 2. Etappe saman. HURRA! Me vart henta av morfaren til Ingrid, blei køyrd til Leirvik i Narvik, fekk handla øl og taco og kunne endelig ta ein etterlengta dusj.

IMG_0069
Vi begynner å bli rutinerte på utvask av hytter

IMG_0070

IMG_0072
Morfar måtte ha med tilhenger for å få med fire personer, en hund og fire sekker til Leirvik

Dag 46

Kviledag, og tur til Harstad for å levera frå meg Daik. Sørover burde me gå på svensk sida, det er absolutt den beste plassen å gå, spesielt i år når det er så mykje snø. Då må me gjennom Padjelanta nasjonalpark, der det ikkje er lov med hund. Så då får hunden seg ein god pause frå turen, frå Tornehamn til Sulitjelma. I Harstad hadde Marit tatt med seg TRE kvalpar som eg fekk helsa på. Me fekk handla utstyr for meg som var øydelagd og åt på både burger king og sushi restaurant og tilbake i Leirvik vart eg servert taco og vaflar.

IMG_0075
Trist å dra videre uten Daik, men vi ser han heldigvis snart igjen.
IMG_0076
Synnøve fekk hilse på tre av hvalpene til Marit, stor glede for hundeglade Synnøve.

Dag 47

Nok ein kviledag, handling og organisering står på planen. Me ser framover til nok ein etappe på tur, og gler oss veldig til å koma oss på tur igjen!

IMG_0073

– Tekst av Synnøve og bildeoppsett av Ingrid, på tur med Grønlandshunden Daik

Advertisement

Kautokeino – Kilpisjärvi

Etter ein lang pause var det godt å få Ingrid nordover, og pakka meg avgårde frå Marit og Geir Ivar! Problemet var berre at eg pakka med meg så mykje ting at eg verken kom til å få plass i sekken eller greia å bæra alt eg hadde med! Då eg og Daik ankom Narvik, til Ingrid og hennar besteforeldre, fekk Ingrid jobben å vera streng, og me fekk bort halvparten av alt eg ønska å ha med! Litt kjipt å leggja att Ipaden, boblejakka og anna moro eg hadde gleda meg til, men ryggen og kroppen er nøgd med valet! Og heilt ærlig er det litt befriande at turen plutselig dreiar seg om å ha lite.

Så kom neste problemstilling: Korleis skal me koma oss til Kautokeino? Me prøvde diverse annonsering og hadde fleire lause trådar, men morfaren til Ingrid synst det beste var å få køyrd oss opp sjølv, til vår store begeistring. Me er svært takksame og glade for at me kom oss så greit til Kautokeino!

Under leitinga etter transport leita me også etter kjentfolk i området me skulle gå! Me visste me kunne spara 40 km ved å ta ein snarveg på Nordkalottløypa, men var usikre på kor det var lurt å gå! Heldigvis kom me i kontakt med Jonna og Per Jonas, som viste oss gode alternative ruter over fjellet! Stemninga steig då me fekk læra samiske ord av Jonna, og fekk bli med ut i båt for å setja garn. Stemninga var på topp då me opna pilsboksen i sluddvær og vind.

DSC_0336

Dag 25

Og så starta rusleturen. Tidlegare hadde me hatt kontakt med Ingrid Randisdatter Fjellberg (heretter kalla Fjellberg), ei tidlegare klassevenninna av Ingrid, som også går Noreg på langs og skulle same veg som oss same dag som oss. Ho hadde berre eit problem, ved ein feil fekk ho ikkje tilsendt karta over området. Det var difor naturlig at ho vart med oss på tur. Me hadde avtale om å møtast klokka 10 ved hotellet, eg og Ingrid var der klokka 12! Urutinerte og ferske på denne turen, tok ting mykje lenger tid enn me hadde tenkt! Men klokka 12 var me klare til avgang, og fekk kjenna kor tunge sekkane eigentleg var. I starten valde me å gå på vegen. Asfalten tok hardt på beina, og me merka at forma vår var rimelig forskjellig frå kvarandre! Etter 20 harde km (for meg) tok me kveld, og fant ein hyggelig overnattingsplass ved vegen.

received_10155461655142445

received_10155461655357445

Dag 26

Sliten etter gårsdagen var det berre til å samle krefter, pakke leiren og koma seg på vegen att! Denne dagen vart fin, med masse sol, flott utsikt og etter kvart traktorveg med mjukt underlag! Me hadde også forskjellige morsomheiter på tur, for eksempel “kva er oddsen”.  Resultatet var at eg måtte gje slengkyss til neste bil, som stoppa og lurte på “Kva det va?” Etter 24 km kom me til hytta til Jonna som me møtte i Kautokeino. Me brukte 12 timar på å koma oss dit, og det gjorde ekstra godt å fyra i ovnen og setja mobilen på lading i veggen! Fjellberg fekk sin aller første vading over ei elv denne dagen, til min og Ingrid sin store beundring. Fjellberg har nesten ingen friluftslivserfaring, men har likavel vald å gå Noreg på langs for å bli betre kjend med naturen, med Noreg og seg sjølv, etter inspirasjon frå blant anna boka “Wild” av Cheryl Straied. Følg ho gjerne på http://www.kristinsturblogg.com 🙂

received_10155461655452445

Dag 27

Slitne etter gårsdagens 12 timarsøkt, sov me litt utpå og morgonen drog ut, i mjuke gode senger. Kvart på 1 byrja me å gå mot Nedrefosshytta. Dette var vår første dag på tur utafor veg, og me møtte fort på vår første utfordring, vading til låret. Men etter litt tid var me vel over. Daik, Grønlandshunden me har med oss, oppfører seg stort sett bra, men han blir heilt vill når han ser reinsdyr og kan elles vera litt sterk når han går. Han er ferdig opplært trekkhund, så det er ikkje så rart han vil trekka. Heldigvis er Ingrid snill og tar han når eg og anklane treng avlastning! Då det var blitt seint på kvelden, og me var våte og slitne, slo me leir 6 km unna hytta.

received_10155461648457445

Dag 28

Ein innmarri flott dag, med ekstra kitling i magen. 6 km, men masse utfordringar. Flott anledning for å feira at Ingrid har slått rekord i kor lenge ho har vore på tur. Frå i dag er kvar dag ein milepæl. Utfordringane var blant anna elver, elver som det stod i rutebeskrivelsen skulle vera strie, brøyta me oss gjennom med stavane. Då me kom til meir spennande utfordringar synst eg alltid det var så skummelt å gå med Daik, kva om noko skulle skje med han? Tøffe Ingrid var snill og tok han gjennom utfordringane, mens eg såg ein anna veg. Det mest spennande var definitivt steinhylla der me haldt i vaieren for å vera sikra.

received_10155461655677445.jpeg

received_10155461655787445Reisadalen var uendelig vakker, og me fekk eit fantastisk opphald med ein halv kviledag! Me bada, fyrte i ovnen og tørka klede!

Dag 29

Ein dag eg og Fjellberg hadde kvidd oss til! Me skulle ut av turiststien og rett over på Somashytta, som me skulle spara 40 km på. Men først skulle me 400 høgdemeter opp, på ein km. Spennande. Ingrid var kartlesar, og etter gode tips frå lokale kjentfolk fant me god veg opp, sjølv om det tok litt tid. Å gå utan sti, gjorde at me gjekk mykje i kratt, myr og litt i ur og våt snø. Dagen var spesielt utfordrande for kartlesar Ingrid, som kjente ansvaret på skuldrene og som er over middels stressa når skodda kjem sigande på. Alle hadde ønske om å koma til Somashytta, men etter 13 timar og 7 km att, måtte me innsjå at me ikkje ville nå målet. Etter ein heil dag med regn, var det tørre kleskiftet og den tørre soveposen kjempegod å ta på seg!

received_10155461655782445

received_10155461656002445

Dag 30

Me vakna slitne til skodda, me var så slitne at me var glad for at me måtte ligga litt værfast. Etter ei stund bestemte me oss for å gå på kompasskurs til Somashytta. Denne dagen kom aldri energien, eg var heilt i bånn heile dagen. Halv 4 kom me fram til hytta, og eg var så sliten at eg grein. Me bestemte oss for å ta ein halv kviledag på Somashytta også, noko som var ekstremt godt for alle. Sjølv for Ingrid som vart stressa over at boka hennar vart utlest allereie klokka 8. Sånn er det når ho ikkje har så tjukk bok som meg. Ja så tjukk at eg må brenna sidene eg har lest.

received_10155461649027445

received_10155461648547445

received_10155461647987445

received_10155461647882445

Dag 31

Finland, her kjem me! Frå Somashytta kom me straks over grensa, og fekk plutselig finsk merking på turiststien. Det var stor stas å endelig ha energi igjen, og koma seg til Pitsujarvi og den finske turisthytta før klokka 6 på kvelden! I Finland har dei turisthytter som er gratis å bruka, med ved og gass. Luksus for oss som går Noreg på langs! Me kosa oss i sola, og synst livet på tur var kult.

received_10155461656577445

received_10155461647597445

received_10155461647727445

Dag 32

Kanskje den vakraste dagen. Me følgde ein foss nedover, og fekk kryssa elva på ei god bru. Me byrja også å møta mennesker. Det morsomaste må vera han som ikkje ville svara på halloen vår og tok pause 5 meter frå vår pause. Og han me møtte som gjekk på tur med handlepose. Etter 20 km, vakre fjell og såre føtter kom me fram til Kuinarjohki. Været var så bra at me valde å slå opp teltet. Utover kvelden vart me invitert inn i hytta til fire lithauenske menn som var på fisketur. Me fekk te og me fekk smaka på lithauensk tradisjonskost. Mørkt brød med røykt spekk av gris. Røykt spekk av gris er ikkje for alle, sa dei, noko som stemte for meg. Men smaken vart betre av 80% sprit. Den varma samtidig godt i halsen. Me blei einige om at me skulle koma opp til kaffi klokka 9

received_10155461649542445

Dag 33

Finland og Norge er ikkje i samme tidssone. Når klokka var 9 i finsk tid sat me i leiren og åt frukost! Men heldige som me var kom dei snille karane med kaffi OG sjokolade! Stor stas for tre turjenter, som fekk føla seg litt som prinsesser. Etter ein times gange fekk me dekning på mobilen, etter 9 dagar utan!!! Jubelen var stor, endelig fekk me satt på songen “voi voi, høyt oppi fjellet, når jeg venter på kjæresten min”, som me har songe på kvar dag, single som me er. Me fekk også ringd heim og sjekka snapchat, instagram og Facebook! Då me byrja å gå att auka farten, og då dagen var omme sette me opp teltet 2 Km unna Kilpisjärvi.

received_10155461648237445

received_10155461649577445.jpeg

Dag 34

Etter ei siste teltnatt med altfor mykje mygg, alt for varmt telt og etter å ha sett sesongavslutninga på Skam, venta dei to siste kilometrane. Og plutselig var etappen slutt! No kosar me oss på Kilpisjärvi hotell, og har fortært kvar vår store burger, halvliter øl og ein kremete dessertbuffet som etterlot begge Ingridane med mageknip og vanskar med å gå. Mens dei la seg i hytta, drog eg og Daik på butikken, der folk stilte seg i kø for å snakka med oss, då det blei nemnd at me går Noreg på langs.

Imorgon drar Fjellberg vidare utan oss, mens me ventar ein dag til. Det har vore svært moro å sjå utviklinga hennar gjennom naturens utfordringar, og me er ikkje i tvil om at ho vil nå målet sitt som er verdens ende. Masse lykke til Fjellberg, me vil sakna deg masse og håpar me tar deg igjen. No skal me gjennom Dividalen og til Bjørnefjell ved Narvik.

Det har vore fantastiske dagar på tur, men også tunge og harde. Det er litt utfordrande at eg og Ingrid er i så forskjellig form, ho er ein god del sprekare. Men me begge lærer å tilpassa oss mentalt og forhåpentligvis vil forma vår etterkvart bli likare kvarandre! Det er også ein utfordring for tidsskjemaet at eg har hatt 4 vekers pause, men me satsar på at farten og kapasiteten aukar og at me når Eidsbugarden og Finse til oppsatt tid! Planen var opprinnelig å aldri gå meir enn 20 km for dagen, me får kryssa fingrane for at me etterkvart vil kunna gå lenger enn som så.

– Skrive av Synnøve, på tur med Ingrid, Fjellberg og Grønlandshunden Daik 🙂

received_10155461649302445.jpeg

Masi – Kautokeino

Dag 22, 23 og 24

Med full vårløysing var vegvalet vidare klart, me ville følgja bilvegen til Kautokeino. Det er ikkje akkurat rosenraudt med vakre naturopplevingar å følgja bilvegen, men kilometrane går fort. Med blaut gjennomslagsnø i skog som alternativ, var ikkje valet så vanskeleg. Me fekk nokon ordentlige luksusdagar, med innesoving. Eg har ikkje noko mål om å alltid gå med tung oppakning eller å sova ute kvar natt, men å gå absolutt alle metrane frå Nord til Sør. Med vårløysing i skogen beholdt me campinghytta på Masi nokre dagar. Pappa køyrde meg ut så langt eg kom dagen før, og køyrde 20 kilometer fram. Han byrja motsett veg, eg tok med bilen tilbake og plukka pappa opp på vegen. Luksusopplegg og me har begge fått gå heile distansen.

Eg er glad vegen vidare til Lindesnes skal innehalde så lite bilveg som mogeleg. Det er ikkje så veldig moro å gå på hard asfalt, passa seg for bilar og ha blikket festa på vegakanten som er full av søppel. Heldigvis har dei ikkje slukka FM nettet i Finnmark, så eg fekk nyta radio rett inn på mobilen min. FM nettet må nytast så lenge ein kan.

Etter tre dagar på vegen, var me i Kautokeino, HURRA! Staden der dei selgjer reinsdyrskinn på Rema 1000 og til og med hotellet har reinsdyrgjerde. Me feira med å kjøpa hotellfrukost på hotellet på kviledagen, ein magisk opplevelse. Me tok også ein tur til Karasjok, der me blant anna var innom sametinget. Stort for to engasjerte sjeler. Imorgon byrjar pappa reisa til Finland (han går Finnmark på langs), mens eg skal pakka meg til Kvæfjord (lika utafor Harstad).

IMG_0061

IMG_0062

IMG_0060

Eg har nemleg tatt ei ufrivillig avgjerd om å ta ein pause i turen min. Surt, dumt og dritt! Me har snakka med ein del lokale folk om turen min. I starten fekk eg mykje hinting om at det kunne verta vanskeleg å vera på tur i dette tidsrommet, då det ville bli usikre elver, vassfylte myrer og snøen ville ha mykje gjennomslag. Sta som eg er tenkte eg å fortsetja likavel, eg ville vertfall prøva. Men hintinga slutta og beskjeden var klar: det vil bli for mykje vatn i fjellet til å ha ein sikker og god tur. Fjella eg er vant til er brattare, og der forsvinn vatnet lettare. Her oppe er det mykje flatere og “vårflommen” er eit kjent ord. Vårflaumen vil vara mellom tre og fire veker.

Ruta frå Kautokeino og Kilipisjarvi inneheld blant anna ei svær myr og ei svær elv. Eg må bita i det sure eplet, og erkjenna at turen får ein fire vekers pause. FIRE veker. Eg vil jo ikkje ha pause, eg vil vera på tur! Eg er så innstilt på å koma lenger, klara meg aleina på tur og nyta turlivet. Men naturen bestemmer ein ikkje over, og eg veit at det einaste fornuftige er å ta pause.

Men heldigvis har eg flotte folk rundt meg, som gjer situasjonen grei. Ingrid som eg skulle gå med frå Narvik, skal heller gå med meg frå Kautokeino. Me startar rundt 22. Juni frå Kautokeino, og me skal gå saman heilt til Lindesnes. Me har fire månader på oss, så turen blir nesten som me har sett for oss. I tillegg har Marit (eigaren til Daik) og Geir Ivar opna huset for meg i Kvæfjord. Heldige meg slepp å dra alt pakket mitt sørover igjen, eg skal få bu hos Marit og Geir Ivar til eg er klar for tur att, tusen tusen takk! Og pappa skal køyra meg dit. Situasjonen har visst ikkje blitt så verst likavel. Dei neste vekene er eg klar for trening, turar, kvalpekos, vera masse med Marit som eg synst eg elles ser for lite og ikkje minst å starta frå Kautokeino med Ingrid i Juni. Eg gler meg allereie.

– Synnøve, pappa Stig Ove og Grønlandshunden Daik

Joatkajavri fjellstue – Masi

Joatkajavri fjellstue – Masi

Dag 20

Vel utkvilte etter nok ein god frukost sette me av gårde frå Jotka. Dei første 9 km følgde me scooterløypa sørover, ein distanse me gjorde unna på 2 timar. Dermed måtte ut av løypa. Me hadde vurdert fram og tilbake om me skulle følgja den stikka snøscooterløypa til Masi, eller om me skulle gå utafor løypa. Løypa var ca dobbelt så lang som distansen utafor løypa. Me satsa på, og vurderte at snøscooterløypa ville bli for lang, samtidig som løypa gjekk over nokre vatn me var usikre på om ville vera trygge. Men gjennomslagsføret utafor løypa var ikkje noko bra, snøen var så djup at hunden hadde snø til haka og “svømte” i snøen. Eg skal ikkje skryta på oss god stemning eller bra framdrift, men med 11 timar på skia kom me no eit bra stykke av gårde, og ikkje minst fant me ein fin lyngflekk å liggja på.

DSC_0458

Dagen byrja svært bra, med god scooterløypa

DSC_0460

Og så kom dette føret, så blautt at pulken velta. Me datt fortere og kom oss vanskelegare opp!

DSC_0461

IMG_0052

Men svært flott å sova ei natt på barmark. Kokiro’en er sjølvsagt med oss på tur, utvikla og produsert av Erik Moe. Før eg tok den i bruk var eg litt skeptisk, eg hadde jo plate som sjølve brennaren kunne stå på. Men no er eg frelst til å ha ei plate der både primusen OG brenselflaska heng fast. No er primusen tryggare og enklare å flytta under bruk.

Dag 21

Nok ein dag med gjennomslagsføre av våt snø. Me prøvde så godt me kunne å velgja østsidene av fjelltoppane (der sola skin minst) og finna snøscooterspor i samme retning som me skulle. Men som regel drog dei ein anna retning enn oss etterkvart. Sola skein, og me fann ofte lyng å ta pause i, men skiføret var heilt umogleg. GPSn målte gjennomsnittsfarten vår til 1 kilometer i timen, inklusiv pausar. Med så dårleg framdrift måtte me driva på i 12 timar for å koma til det me såg på som tilstrekkeleg langt. På kvelden hardna føret litt, men somme plasser var det fortsatt vanskeleg å gå.

IMG_0054

Dag 22

Me visste om ei stikka snøscooterløypa 2,5 km unna, og me kryssa alt me hadde for at det skulle vera hardt eller ferskt spor. Heldigvis hadde me flaks, mens me reiv teltet skimtar me to snøscooterar frå teltplassen vår, der nede som me rekna med at løypa var. Og etter to timars gange var me der endeleg, og kunne koma oss lett ned til Masi. FOR ei kjensle, etter dagar med djup snø. Me flaut nedover i løypa, og sette frå oss pulk og ski i enden av løypa. Me tok beina fatt, og byrja å gå mot Masi turistsenter. Etter ei lita stund møtte me reinsdyret Rudolf. Han ville gjerne vera med i flokken vår, og nekta å gå frå oss uansett kor mykje Pappa jaga på han. Sjølv når det kom bilar som jaga han litt bort, kom han springande tilbake til oss. Då me gjekk gjennom  bygda såg me at hagane hadde anten hund eller høge gjerder, kanskje ikkje så rart. Då me nærma oss hovudvegen med reinsdyret på slep, visste me ikkje kva me skulle gjera. Fleire bilar stoppa med oss, og alle visste kven reinsdyret var. Han heitte Rudolf, pleide å velta hagemøbler og hadde stanga ei av damene me møtte, ein gong han ikkje var heilt fornøgd. Det som var sikkert var at me ikkje kunne opp på hovudvegen, og at då måtte me bort derfrå. Barnebarnet til ho som driv turistsenteret fekk ordna transport til oss, som henta både oss OG pulkane og skia der dei var plasserte. Og kundeservicen stoppar ikkje der. Me vart inviterte inn i 70 årslaget til mannen til ho som driv turistsenteret. I gåve av oss fekk han nøtteblanding og mjølkesjokolade, tilbake fekk me bidos (reinsdyrsuppe med poteter og gulrøtter, kjempegodt) og me fekk forsyna oss mektig av eit svært kakebord. Me er svært takksame for den gode servicen, og at me fekk koma innom 70 årslaget. Tusen takk.

IMG_0051

IMG_0050

Om håret var feitt før eg dusja? Gjett om!

IMG_0053

Kakeparadis, og me fekk finna oss så mykje som me ville!

Dag 21

Kviledag med stor K. Pappa er i Olderfjord og hentar bilen, mens eg latar meg i campinghytta. Sjølv om det var nokre kilometer til butikken, har eg tatt turen (i skisko), og eg har dermed fått vaska ullklede med milo, og fått kosa meg med egg, mjølk, bacon, brus, søtsaker og chips. Eg diggar livet på turdagane, men det er på kviledagane eg verkeleg kjenner kor heldig eg er, og ikkje minst kor lykkeleg eg er.

På grunn av vårløysinga og gjennomslagsføre, følgjer me nok bilvegen til Kautokeino. Der reiser pappa heim, og eg skal stå på eigne bein, saman med Daik. Det som er spennande er korleis føret er, då me har slitt så veldig i det siste. Samtidig er grensaelva mellom Finland og Noreg 100 meter brei, så kva eg gjer der håpar eg at eg finn ei god løysing på. Eg kryssar vertfall alt eg har for at eg kan fortsetja turen til Kilipsjarvi og Narvik.

– Synnøve, pappa Stig Ove og Grønlandshunden Daik

 

Olderfjord – Joatkajavri fjellstue

Dag 11

Full av mot drog me frå Olderfjord! Me køyrde bilen opp dit me forlot turiststien sist. Då eg sat heime og planla tur trudde eg at føret skulle vera eit heilt anna enn det me opplever. Det har ikkje vore så mykje snø som i år på 50 år! Difor planla me rute utifrå sommarstien, og ikkje utifrå snøscooterløyper. Lite lurt, for sommarstien var ikkje noko enkel å følgja med ski og pulk. Etter mange veltingar med pulken, laga me vår eigen sti, og kom kanskje inn i endå verre terreng. På 5 timar greidde me berre 5 km. Etter dei 5 km nådde me ei stikka snøscooterløype som me visste me kunna følgja heilt til Stabbursdalen nasjonalpark, her slo me leir. Stemninga var stor og motet høgare enn nokon sinne, heilt til primuspumpa rauk. Lærklaffen på pumpestanga var øydelagd, og einaste reserveløysinga me hadde var pappa sine to gassboksar til ein liten brennar han har med seg. Dette ville ikkje halde til neste bilveg (Masi), så det var heilt klart at me måtte få tak i ny primus før me drog lenger innover på Finnmarksvidda. Det er heilt klart at ting gjekk litt for fort for seg på den veka eg hadde til å pakka til tur, for sjølvsagt burde me ha med oss reparasjonsutstyr til primusen. Men ein lærer heile tida, og me er sjeleglad for at pumpa rauk så tidleg på etappen!

DSC_0344

IMG_0047

Men så enkelt var det ikkje

IMG_0045

Dag 12

Dagen i forvegen brukte me 5 timar på 5 km gjennom baskete terreng frå E6! Denne dagen sklei eg og Daik ned til Olderfjord i ein fei! Det kjennest ut som eit eventyr der eg skimta i havet langt der nede, og visste at ned dit skal eg. Campingplassen skulle frakta bilen til Olderfjord for oss, og på veg inn i resepsjonen møtte eg ein tidlegare lærar av meg på veg inn i samme resepsjon. Asbjørn Løne var læraren min i maskinteknikk på Voss Jordbruksskule, og var på tur med hurtigruta. Det var utruleg kjekt å møta han her oppe! Turen min gjekk vidare til Alta, der ny primus med pumpe + ei ekstra pumpe + reparasjonsutstyr til primusane vart kjøpt! No har me sikra oss dersom noko anna ryk, samstundes som vatnsmeltinga tar ein heil time kortare kvar kveld med to primusar i gang. Det er kjekt å ha pappa med som turkompis og sponsor, hehe. Det koselige med at turen gjekk til Alta var at eg fekk møta Stine Våge endå ein gong, denne gongen åt me middag saman. Det lada batteria mine 1000% å få ei flott stund med ei så flott venninna 🙂

IMG_0043

IMG_0046

Dag 13

Kvelden før kom eg opp att til teltet og pappa, og morgonen etter var me klare til å fortsetja turen. Me følgde stikka løypa ei god stund, heilt til stikkene gjekk tom. Dagen var ikkje prega av å nå langt, bra vær eller god stemning, men me kom oss tilstrekkelig langt!

IMG_0048

Dag 14

Så kom finaværet. Været me hadde drøymd om heilt frå Nordkapp, sol med kulde. Me møtte ein kar som såg etter reinsdyra til kompisen sin, som også dreiv med isfiske. Han gav oss ein flott fjellaure, og kunne fortelja at isen på vatna var 1,5 meter tjukk! HURRA! Då me hadde gått 200 meter møtte me ein anna kar på snøscooter, ein reinsdyrgjetar. Han kunne fortelja om kvardagen med reindrift, kva utfordringar næringa har og funfacts som er kjekt å vita på veg gjennom eit reindriftsdistrikt. Spennande å høyra for ein permittert politikar. Me fekk også tips  om ruta vår og diverse gammer me kunne overnatta i. Me naut dagen i sola, kanskje litt for mykje, for me kom ikkje så langt som eg hadde håpa på! Eigentleg har me dagsetappar på rundt 15 km, men med mildvær rett rundt hjørna, fann me ut at me må auka til 20 km for dagen og ikkje ein gong tenkja tanken på kviledag før Joatkajavri fjellstue.

DSC_0361

DSC_0370

DSC_0383

Dag 15

For å auka tempoet slutta me å prata mellom pausane. Me går som regel i ein time, før me drikk vatn, et sjokolade og nøtter, smører ski og anna naudsynt arbeid. Problemet med framdrifta oppstår når me byrjar å ha samtalar utanom desse pausane, så dette prøvde me å få ein slutt på. Etter fleire lange vatn, mykje svetting i sola og ein time lang lunsjpause, skulle me nedover til Stabbursdalen, og terrenget skulle verta meir skogkledd. Eg har berre taudrag på pulken min, om det er litt helning glir dermed pulken til sida, og det er ikkje særleg lett å gå gjennom skog. Men heldigvis traff me på eit snøscooterspor som viste oss ein flott veg gjennom skogen. Heldige oss.

DSC_0401

Dun mistar isolasjonsevna når det blir vått og fuktig. Difor er det godt å få tørka dunposane i lunsjpausane, når me har sol.

DSC_0405

Daik fungerer betre og betre for kvar dag! Det beste er når det er mykje reinsdyrspor som han får lukta på. Då er me på “jakt” i hans auger, og han har stor framdrift.

DSC_0417

Dag 16

Etter mange netter i telt saman blir det mykje som blir repetisjon dag etter dag, spesielt på morgonen av ein eller anna grunn. Når eg vaknar vil eg gjerne at pappa skal opne varmeflaska mi frå natta, slik at eg kan drikke det lunkne vatnet. Kvar dag seier pappa at det ikkje går, og at eg må få meg ny flaske. Så er det tid for smørjing med solkrem, då sier alltid pappa at det ikkje er sol ute, sjølv om det er blå himmel. Då me byrjar å gå er eg alltid litt furt for at me ikkje byrja å gå før, sjølv om det alltid er min feil at me er så treige. Og sånn går det dag etter dag, og det er noko av det eg synst er så sjarmerande med turlivet. Me var ikkje heilt ferdige med skogen, men me såg tydelege spor av ein gompi (campingvogn) som hadde blitt dratt forbi med snøscooter! Reingjetaren hadde fortalt at han skulle dra ein gompi forbi der, og hadde vist på kartet kor den skulle. Dermed kunne me følgja gompispora og vera sikre på at me kom riktig stad. Etter kvart kom me opp i høgda, og kunne nyta utsikta til fjelltoppane på andre sida av Stabbursdalen. Skiføret var heilt fantastisk, sola skein i ansikta og dagen vart nytt til det fulle.

DSC_0422

DSC_0426

Dag 17

Me byrja å bli trøytte, og måtte manna oss opp for å koma i gang. Denne dagen skulle me sova inne, i Bojobeaskihytta, ei ubetjent DNT hytte. Dermed visste me at ting ville vera på stell her, med tørre veggar, ved, gass, ordentlige madrasser og bord og stolar. Når me kom fram viste det seg at det også var speigel og radio der. Ein himmel for to slitne teltarar.

Dag 18 – 17. Mai, HURRAAAAA

Lenge hadde 17. Mai på Joatkajavri fjellstue vore eit mål, sjølv om det var tre dagar før oppsett skjema. Tanken på vårløysinga hadde gjedd oss fart nedover, og denne morgonen vakna me på Bojobeaskihytta 13 km unna Jotka. Radioen oppdaterte oss om korleis 17. Mai gjekk føre seg i resten av landet, mens me festa 17. Mai sløyfe på hunden og teipa norsk flagg på staven min. Dermed gjekk me i 17. Mai tog til Joatkajavri fjellstue. Me hadde sett for oss når det var 17. Mai skulle det vera fult hus her, men her var ikkje ei sjel å finna. Mobilen min fekk eg ikkje på, så eg fekk ikkje lest meldingane frå vertskapet. Men ved hjelp av ein kar som stakk innom, fekk me tak i vertskapet og me fekk låst oss inn i fjellstova. Og her er det vedovn på rommet, gass på rommet og berre velstand.

DSC_0440

DSC_0441

DSC_0450

Dag 19

Kvelden før kom vertskapet tilbake, og me fekk bestilt frukost til dagen etterpå. Me er litt leie havregrauten, så eit byte i kosten skulle bli godt! Og det var ikkje berre eit lite byte, her var det speilegg, egg, bacon, ost, brunost, skinka, mjølk, juice, kaffi, yoghurt og ikkje minst heimalaga brød. Ein frukosthimmel for oss. Me kosa oss lenge med frukosten, og fekk ein hyggelig prat med mannen i vertskapet. Etter me hadde laga nista fekk me med oss FIRE flasker brus på rommet!!!!! I dag har me også ein etterlengta fridag, som me nyt til det fulle med avslapping og brus. Når eg ser meg i speiglen blir eg alltid sjokka over kor feitt håret er, og kor raud eg er i fjeset. Kvar gong eg kjem inn på rommet blir eg alltid sjokka over kor mykje sveitte me eigentleg luktar. Eg er glad me er dei einaste gjestene, så me kan stinka kor mykje me vil. Så får me gle oss til me skal dusja i Masi. Me er spente på føret til Masi med tanke på vårløysing, og kryssar alt me har for at me kjem oss med alt vinterutstyret til bilvegen i Masi, så me får justert bort det tunge vinterutstyret.

IMG_0041

– Synnøve, pappa Stig Ove og Grønlandshunden Daik (Black Diamond)

DSC_0383.JPG

Nordkapp – Olderfjord

Heihå!

Me er i gang på ordentleg. Hurra hurra. I skrivande stund har me kviledag i Olderfjord. Sjølv om turlivet “vinterstid” (her oppe kan me kalla det vinter, med minusgrader og masse snø), kan vera mykje jobb, har me det utruleg fint! Kroppane har tilpassa seg svært godt treningsmengda (sett bort frå kvar sin vesle senebetennelse i handledd/hand/fingrar, om nokon har tips tar me gjerne imot).

DSC_0246

Dag 1 Nordkapp

Etter mykje pakking og organisering drog me utover mot Nordkapp. På vegen ut møtte me to Noreg på langs damer som eg møtte då dei passerte Eidsbugarden i vinter. Denne dagen nådde dei Nordkapp og me heia dei inn i mål med norske flagg. Flott kjensle å få heia nokon i mål den dagen me sjølve starta på turen. Dei kunne skilta med flotte tips og ikkje minst frakta dei bilen vår nedover til campingen igjen. Flott avtale for alle partar. Me byrja å gå i 5 tida. Det var kjempeherleg å byrja å gå, endeleg var me i gang. Me gjekk til klokka 9, deretter slo me opp camp. Det vart sein kveld etter all snøsmeltinga. Med lyset her i nord vert ein heilt døgnvill, det er lyst heile natta. Så me fekk sjokk då me såg kor mykje klokka var

DSC_0272

Dag 2 Knivskjellodden

Nordkapp er ikkje Noregs nordlegaste punkt, Knivskjellodden vert rekna som Noregs nordlegaste fastlandspunkt om ein rekner med tilhøyrande øyer. Knivskjellodden er ca 15 km frå Nordkapp, så å ta med oss det nordlegaste punktet var riktig godt. Uten oppakning gjekk det radigt, heilt til skia måtte av og me fekk snøfonner med gjennomslagsnø, då gjekk det ein del seinare. Men fram kom me. Badinga som me hadde drøymd litt om måtte me avlysa, med tanke på dei høge bølgjene. På vegen heim att blas det opp, og me møtte ein ung tyskar på veg ut til Knivskjellodden. Då han var på veg heim att inviterte me han inn i teltet der me spanderte varmt vatn og han spanderte peanøtter. Trivelig. Denne dagen knakk me ved uhell begge dei norske flagga våre, me veit ikkje om det er teikn eller ei, men me har kjøpt nye og er klar for 17. Mai.

DSC_0309

DSC_0282

Når teltet er tørt hender det at Daik får kos ut lufteventilen i teltet

Dag 3

Ordentleg finværsdag. Den einaste dagen på turen utan hanskar og i berre ulltrøye. Drasystemet til hunden fungerte ikkje lenger, me har ikkje sele til draget hans (tom på sportsbutikken og på leverandøren sitt lager), så me prøvde å bruke den vanlege selen hans. Dette fungerte berre ei viss tid, så frå denne dagen har eg gått mellom Daik og pulken.

DSC_0317

DSC_0316

Dag 4

I løpet av natta blas det opp, og me vakna til snøvær, vind og flatt lys. Perfekt vær til å finna vegen gjennom ukjend fjellområde, eller ikkje. Med berre eit par med goggles/snøbriller, måtte dei gå til den som navigerte (meg), og med tanke på alt snøværet og vinden måtte pappa bruke andre briller som ikkje slepp inn snø. Desse er så mørke at ein ikkje har lov til å køyra bil med dei (i følgje broderen). Pappa såg så dårlig at han merka ikkje me gjekk over ein bilvegen. Hunden me har med oss er svært så sterk og glad i å jobba, men han vert også lett distrahert av snø han kan grava i og hoppa i. Når me går fremst ser han ofte ut som ei våryr kviga. Dette gjer at pappa må gå først, for då drar Daik som ein traktor! Det er altså pappa som får merka føret og hindringar først, verst gjekk det då han datt utfor ein skavle. Men som den blidkaren han er vart det ikkje sure ord å høyra då han traff bakken på magen, men eg fekk grei beskjed om å ta bilete. Pappa er ein super turkompis, og me samarbeider svært godt. Eg trudde me kom til å krangla ein del, men me har foreløpig ikkje hatt ein einaste krangel. Me har det heilt supert. Eg er med andre ord kjempeglad for at pappa ville bli med meg denne månaden på tur.

IMG_0028

Etter ein bratt nedstigning frå platået og til sjøen, var det godt å kunna ringja taxi som tok oss med tilbake til Nordkapp camping. I mellomtida mista pappen pulken sin med vinden, vinden gjorde så pulken hans slo rundt, og pappa stod igjen med berre draget då stripsen rauk. Det var det motsette av god stemning når vintersoveposen for med vinden retning sjøen, men heldigvis fekk me henta den inn, og set pris på posen som aldri før.

Dag 4 Kviledag

Kviledag og opprustning av utstyr. Eit par nye snøbriller vart kjøpt inn, samt eit nytt par med skisko til meg. Forsøket på lågbudsjettstur var ikkje så vellykka, når mine utslitte skisko slapp inn vatn. Stor takk til GSport i Honningsvåg for svært gode rabattar og ikkje minst gode tips i utstyrsjungelen. Me har vore innom mange turar, og det er alltid lika triveleg.

IMG_0029

Fint å få vaska kle, og tørka telt og sovepose mellom etappane

Dag 5 Nordkapptunnelen

Det var tid for å gå gjennom Nordkapptunnelen, pluss 8 km ekstra, 4 på kvar si side av tunnelen. Me hadde med oss bil, svært lett oppakning og gjekk på skift. Inni tunnelen var det tunnelarbeid, men flotte arbeidsfolk sa at det var null problem at me gjekk gjennom. Det var også kolonnekøyring, så me visste alltid når bilane skulle koma. Utanfor tunnelen var det masse vind, pappa måtte leggja seg nedpå nokre gonger mens eg måtte jogga av og til, vinden drog så hardt at eg kunne likesågodt la beina følgja med. Me fekk endå ei innenatt på Nordkapp camping, noko som ikkje gjorde noko med tanke på den sterke vinden. Det vart svært mykje pakkearbeid, og heldige oss fekk breia oss ut akkurat så mykje me ville. Stor takk til Nordkapp camping, for å vera ein super plass å planleggja og omorganisera på.

IMG_0031

Dag 6 Avgang frå Kåfjord

Me vart køyrd ut med pulkar og hund til gårsdagens sluttpunkt (eg er nøye på at alle distansar skal gåast), og me fekk gå langs scooterløypa eit stykke oppover. Etterkvart ville den ein anna veg enn oss, så me lagde vår eigen trasé. Det var så dårlig sikt at me jamleg måtte stoppa opp for å venta på sikt, og GPSn blei ein god kamerat. Me burde nok brukt den meira, for det viste seg i ettertid me ikkje overnatta der me trudde me overnatta.

Dag 7

Svært mykje vind, og fortsatt dårlig sikt. Me vurderte om me skulle bli eller riva teltet, men me reiv teltet og kom oss av garde. Vegen var så hustrig at eg gjekk i boblejakka heile dagen. Denne dagen bomma me ikkje på ruta, sjølv om det svært dårleg sikt, herleg. Skareføret var ikkje noko enkelt utan stålkanter for oss begge, men det gjekk no likevel. Heile dagen gjekk eg å drøymde om å slå opp teltet og leggja meg i soveposen. Det var difor svært så deilig når øktene var unnagjort, og me kunne krypa inn. Pappa fyrte også opp gassprimusen i innerteltet, noko som gjorde at det vart svært tørt og triveleg.

Dag 8

Etter dagar med mykje vær og slitsame dagar, kunne me endeleg kjenne sola i ansiktet. Slike stunder lærer ein seg å nyta etter dagar med dårleg vær. Me skulle også følgje scooterløypa ein del, så navigeringa skulle ikkje vera så utfordrande. Om me gjekk langt denne dagen kunne me også nå ei ope reindriftshytte. Nysnøen hadde også lagt seg. Då tenkte eg at det einaste som mangla var eit ferskt scooterspor å gå i. Og jammen kom det ein snøscooter køyrande som laga flott spor for oss. Vertfall til det byrja å snø igjen. Etter ein lang og flott dag nådde me vår våte draum som viste seg å ikkje vera noko draum, berre våt, nemleg reindriftshytta som var referert til på ut.no. Me fyrte med primusane inne for å ikkje bruke opp veden, og etterkvart rant det av veggane. Det utstyret som ikkje var vått før me gjekk inn, var vertfall vått når me gjekk ut.

IMG_0030

Eit bra bilete på mykje av været me har opplevd! Sol og dårlig vær rett etter kvarandre.

Dag 9

Med tanke på at dunsoveposane var blitt så våte i hytta at dei var ubrukelege for ei natt ute, var målet for dagen klart, me SKULLE nå E6 slik at me kunne ordna oss biltransport ned til Olderfjord og ei tørr campinghytta. Navigeringa var så enkel at me knapt brukte GPSn, men været og føret var litt svignande. Av og til skein sola, og av og til snødde det. Når det snødde vart det klabbeføre for ei stund framover. Pappa klabba heile dei siste 6 km til E6, men var fortsatt (nesten) lika blid, for ein turkamerat. Når dagen enda, låg me i hotellsengetøy inne i ei tørr campinghytta i Olderfjord. Deilig.

Dag 10

Kviledag i Olderfjord. Pappa tok bussen og henta bilen ved Nordkapp camping, mens eg låg mobillaus i Olderfjord. I eit døger fekk eg ikkje til å lada mobilen min. Desto deiligare var det å kjøpa brød, egg, brus, smågodt og eit sladderblad på den lokale butikken, og vaska opp alt turutstyret som trengde ein vask. I morgon drar me vidare, mot Stabbursdalen og Joatkajarvi fjellstue. Me gler oss allereie til å kome oss i gang att.

DSC_0335

– Synnøve, Stig Ove og Grønlandshunden Daik

Klar, ferdig, GÅ!

Endelig er eg på plass på Nordkapp camping, berre 30 minutt med bil frå Nordkapp! Det er heilt vilt at eg endelig er på plass, og ikkje minst er det vilt at eg blei ferdig med alt eg måtte få på plass!IMG_0026

Frå eg kom heim frå jobbing på Eidsbugarden hotell, hadde eg totalt fem dagar å jobba på. Det var blant anna å finna ut kva eg skulle ha med meg oppover, men mesteparten var å planleggja og pakka depot! Ingrid (som skal vera med på turen frå Narvik til Lindesnes) hjalp med å pakka våre felles depot, og me rekna ut kor mykje me treng av diverse mat! Pakking av depot var ein stor jobb, men me får mykje igjen for det, når me får goder og naudsynte varer heimafrå!

IMG_0015

IMG_0025

Eg såg for meg at dagane heima ikkje kom til å strekkja til med folk eg ville møta før turen, så eg tok eit altfor rasjonelt val om å setja av så lite tid som mogleg til sosial aktivitet. Men heldigvis kom Hanna og Jorid på reserverte ein kveld i tidsskjemaet mitt, og det som eg trudde skulle bli ein roleg kveld med oss tre, vart ein overraskelesesfest med mange av venninnene mine og pizza, brus, chips, geletog og ikkje minst fleire gåver! Heldige meg som fekk denna kvelden, når dagane er tunge på tur, er dette eit minne eg skal leva på 🙂

IMG_0024

Dette var også dagar der eg var redd det kom til å gå for mykje pengar! For både skallbuksa og dunjakka måtte fornyast! Heldigvis høyrde eg om tiljamid på Vangen (Voss sentrum) som fiksar plagg som er øydelagde! Dermed fekk dunjakka ny glidelås og skallbuksa mi fekk sydd att eit hol for 450 kr tilsaman. Bra for miljøet og bra for lommeboka! Å nytte seg av tenestene til Tiljamid er verkeleg å anbefala, eg er kjempenøgd med resultatet.

Etter mykje pakking, handling, organisering og diverse farvel med folk og dyr, vart me endeleg ferdige, og turen mot nord kunne starta!

IMG_0020

Pappa, som skal vera med til Kautokeino stilte med bil og pakke-eigenskapar, og med oss i bagasjen hadde me eit ønske om å køyre om natta, for å kome fram ein dag tidlegare! Eg hadde aldri sett for meg at eg som er så avhengig av søvn kunne få til noko sånt, men etter 29 timar og soving på skift var me framme i Kautokeino og kunne ta inn på adventure camping. Aldri før har ei campinghytteseng vore så deilig å leggja seg ned på.

IMG_0021

IMG_0019

Deretter gjekk turen til Alta, der eg møtte flotte Stine som eg har gått på folkehøgskule med. Gledeleg gjensyn! Og så venta den flotte skituren inn til Joatkajarvi fjellstue. Det er den einaste plassen på turen som me treng eit depot utan å ha bilveg eller tettstad, så då fekk me oss ein flott skitur inn med mat og diverse andre varer. Daik hadde fått nytt pulkdrag i Alta, og når han var tilvent draget drog han både meg og pulken innover mot fjellstova. At eg har fått med meg ein heilt fantastisk hund, det er det ingen tvil om! Stor takk til Marit Ånes som har lånt han ut til turen min 🙂

IMG_0016

Imorgon drar me til Nordkapp, før me går ut på Knivskjellodden på søndag! Knivskjellodden er Noregs nordlegaste punkt, så då synst eg det er stor stas at me tar turen dit før me går sørover!

Så då er det berre til å krysse fingrane for at alt går bra, og ikkje minst at snøen held seg heilt ut i Juni!

Pease out!

– Synnøve, Stig Ove og Daik

IMG_0018

Hunden er henta og me er eit steg nærare tur

Endelig er Daik på plass hjå meg (Synnøve) på Eidsbugarden. Det var svært koselig å møta Marit Ånes (hundeeigar) i Harstad og svært stas å få ta Daik med meg tilbake. Men reisa tilbake vart ingen dans på roser, noko som gjorde me fekk litt merksemd i diverse aviser. Akkurat kva som har skjedd er vanskeleg å veta då bakkemannskapet har sagt andre ting enn dei høgt tilsette i Norwegian har sagt til meg og Marit på telefon i etterkant. Det me vertfall veit er at Daik kom seg ut av buret, at eg måtte bli med for å henta han ut av lasterommet og at eg fekk beskjed frå bakkemannskapet om at Daik ville bli skutt om han hoppa ut på rullebana. Pulsen steig då bakkemannskapet åpna døra til lasterommet med beskjeden at han var svært stressa. Heldigvis kjente eg Daik frå før, og han roa seg med ein gong eg kom.

Eg er svært glad for at Daik kom seg heilskinna til Sør-Noreg, men eg skulle så gjerne ønska at det ikkje vart med trussel om drap, på grunnlag av at hunden hadde kome seg ut av godkjend flybur. Kvifor krev ikkje flyselskapa betre flybur og kvifor er ikkje bedøvelsespiler eit tema? Det burde vera betre rutinar når risikoen er at hunden kan dø. Me har fått refundert flybur og flybillett. Nokre av kundehandsamarane høgt i systemet til Norwegian har vært svært flinke, mens andre fekk raseriet mitt til å koka. Dei synst tydelegvis ingenting om at ”to små jenter” skulle opponera mot deira flyselskap og rutinar.

Snapchat-50909921

Heldigvis er saka forbi, og me kan no sjå framover mot turen. Daik har no fått 5 kg i kløven, og går betre og betre for kvar dag. Han likar seg godt i fjellet, men synst det er ein dårlig ide at eg må vera på jobb på ettermiddagane. Han har sitt eige ulekor på utsida av hotellet der eg jobbar. Heldigvis får han mykje kos av både personalet og gjestene på hotellet. Forøvrig har han fått tilnamnet Bamsemoms.

Snapchat-107142612

Snapchat-456870711  Snapchat-1123575148

Om ei veka drar me til Voss. Då er det pakking, vera gjest i eit bryllup og så ber det avgarde nordover. For ei tida sidan gleda eg meg så mykje at eg fekk nesten ikkje sova om natta. No er det frykta som kjem sigande. Er eg godt nok trent, er alt godt nok planlagd og vil eg greie å fullføre? Det einaste eg veit er at det er på tide å hoppe i utfordringa, ta fram optimisthatten og seie til meg sjølv at dette blir sikkert heilt fantastisk.

Snapchat-966630553