Våren, sommaren og hausten 2017 har eg sett av til å gå Noreg på langs. I dag er det berre 40 dagar til eg og pappa set oss i bilen, og er på veg opp mot Nord-Noreg. Vilt, rått og ikkje minst heilt fantastisk. Her kjem ein presentasjon av turfølgjet mitt og av turen.
Heldig som eg er, har Marit Ånes vore så snill å låna ut sin største Grønlandshund, Black Diamond, heretter kalla Daik, og han blir min faste turpartner frå Nordkapp/Knivskjellodden og heilt til Lindesnes. Han er stor, sterk, kan bera mykje og har i tillegg eit VM-sølv i 300km med eigar Marit Ånes og resten av hundespannet hennar.
Den som også skal bli med, det er min gode pappa Stig Ove Bjørgum. Han har dradd meg med på mange turar opp gjennom oppveksten, og no er det min tur til å dra pappa med på tur. Pappa skal vera med å gå frå Nordkapp/Knivskjellodden til Kautokeino. Eg gler meg stort til å tilbringa ein heil månad på tur med pappa og Daik. Eg har tru på god stemning, litt kjefting, men aller mest at me skal få heilt råe naturopplevingar saman.
Den som meldte seg på turen til sist, men som kanskje har gleda meg aller mest, er Ingrid Fredriksen. Me har jobba saman på Eidsbugarden Hotell, og begge har draumt den samme draumen. Den dagen ho sa at ho var sikker på at ho ville bli med, ja den dagen jubla eg høgt. Ho deler turen sin i to, og første del er fire månader med meg frå Narvik til Lindesnes. Ingrid er svært turvant, god til å kommunisera og ei jenta det er enkelt å bli einig med. I tillegg er ho ei som det er svært trivelig å vera saman med. Difor er eg svært glad for at akkurat Ingrid skal vera med meg så lenge.
Saman med denne flotte hunden og dei flotte menneska er eg klar til å vera på tur i eit halvt år. Eller eksakt 5,5 månad om me følgjer tidsskjemaet som er planen. I slutten av April skal me innom Nordkapp, før me går ut til Knivskjellodden, som er Noreg sitt nordlegaste fastlandspunkt. 1. Mai er dagen, då byrjar rusleturen til Lindesnes. Og kvifor har me kalla det ein rusletur? Jau, å oppleva Noreg er ein opplevelse me ikkje vil ”gå forbi”. Me vil ta oss tid til å fiska, bade i fjellvatn, lese bok i solsteiken, ta inn over oss alt det flotte me kjem over og tid til å syta når me er sure og leie. Og ikkje minst vera meir sikker på å kunne fullføra, med mindre belastning på kropp og helse.
Dette var dykkar første smakebit. Følg med for meir!